Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Vil du modernisere og utvikle det nye Norge?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Systemutviklar Digitaliseringsdirektoratet Sogndal
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørn Stenehjem
91146279

Søknadsfrist

25. september 2023

Om stillinga:

Digitaliseringsdirektoratet søkjer ein erfaren systemutviklar som kan bidra til å vidareutvikle våre nasjonale fellesløysingar. Med eit vidt spenn i arbeidsoppgåver utviklar vi digitale fellesløysingar for det offentlege. Løysingar som gjer Norge enklare!

Vi søkjer senior systemutviklar til teamet som utviklar eFormidling og ELMA.

Om du har den rette bakgrunnen kan ei rolle som teamleiar være aktuell.

Teamet stillinga inngår i utviklar løysingar som bidrar til en meir sikker, samordna og effektiv meldingsutveksling. eFormidling gjer det mogleg å kommunisere på en enkel måte, utan å måtte ta omsyn til om mottakaren er ei privat verksemd, offentleg verksemd eller innbyggar. Elektronisk mottakaradresseregister (ELMA) er eit norsk register over føretak som tek i mot dokument i EHF-format og er ein av nøklane til det offentlege sin omfattande bruk av elektronisk faktura.

Les meir om løysingane på samarbeidsportalen: https://samarbeid.digdir.no/

Vi søkjer deg som vil bli ein del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Vi har alltid fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, samtidig som vi arbeider med spennande teknologiar. I vår avdeling blir du ein del av eit større fagmiljø på om lag 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Vi legg vekt på smidig arbeidsmetodikk og effektive leveransar. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digdir.

Stillinga er fast med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar i Brønnøysund eller Oslo kan vurderast i særlege tilfelle.

I tillegg til interessante faglege utfordringar kan vi tilby ei fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn ein attraktiv stad å bu.

Dine oppgåver

  • systemutvikling i eit smidig, DevOps-orientert produktteam med ansvar frå krav til produksjon
  • delta i design, utvikling og forvaltning av våre fellesløysingar
  • bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke.
  • vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse og rettleie andre utviklarar
  • jobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye løysingar ved bruk av sky-teknologi
  • fullstack-utvikling – med hovedfokus på backend – jobbe med alt fra REST APIer til integrasjon og database

Kvalifikasjonar

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling. Lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet
  • minst tre års relevant erfaring innanfor systemutvikling
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område

  • systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
  • teamarbeid med utvikling basert på smidige metodar
  • kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
  • erfaring med applikasjonssikkerheit og utvikling
  • erfaring med drift og utvikling av sky- og container-baserte applikasjoner, spesielt Kubernetes

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
  • har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk

Vi tilbyr deg

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn som rådgjevar eller seniorrådgjevar etter avtale
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen.

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

Produkteigar Steinar Henriksen
E-post: steinar.henriksen@digdir.no
Telefon: 95819821

Teamleiar Johannes Molland
E-post: johannes.molland@digdir.no
Telefon: 91739230

Seksjonssjef Jørn Stenehjem
E-post: jorn.stenehjem@digdir.no
Telefon: 91146279

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT.

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss. Vi jobbar med å realisere regjeringas mål om at fem prosent av alle nytilsettingar skal vere personar med funksjonsnedsetting og kandidatar som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere. Dersom du oppgir opplysningar om funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CVen i søknaden, kan dette bli brukt anonymisert til statistikkformål.

Om Digitaliseringsdirektoratet

Digdir er underlagt Kommunal- og distriksdepartementet. Direktoratet har om lag 360 tilsette fordelt på våre kontor i Brønnøysund, Leikanger og Oslo. Vi har fire fagavdelingar, tre stabs- og støtteavdelingar og eit tilsyn for universell utforming av ikt, som har ei særskilt uavhengig rolle. Våre verdiar er påliteleg, inkluderande og uredd.

0pt">Digdir er regjeringas fremste verktøy for ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Direktoratet skal bidra til enklare og meir tilgjengelege offentlege tenester for innbyggarane og auka verdiskaping for næringslivet. Visjonen vår er saman for ein enklare digital kvardag.