Superhelt på natt Bilde

Superhelt på natt - Heimetenesta

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Superhelt på natt Gloppen kommune Gloppen Fulltid

Er du vår nye superhelt på natt? Er du sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar og fagleg trygg og opptatt av å bidra til at innbyggjarane våre meistrar å bu heime lengst mogleg? Har du godt humør, likar å køyre bil og sjå hjorten smile langs vegane og har interesse for å bidra til å gje gode tenester, sjølv i dei mørke timane på natta?

Heimetenesta har ledig 65 % fast stilling på natt, oppstart 1. august.

Å arbeide som nattevakt i heimesjukepleien er ein allsidig og spennande jobb. Nattevaktene jobbar sjølvstendig ute hjå pasienten, og det inneber heimebesøk uansett vêr og føreforhold. Det kan vere t.d besøk hjå dei som av ulike grunner treng tilsyn gjennom natta for å kunne fortsette å bu heime. Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring.
Ein må påberegne ein del køyring i kommunal bil gjennom ei natt, då området strekk seg i rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra - Sandane - Anda, til Breim.

Sjå utlysinga og søk på stillinga her

WcID: 4985641537