
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |

Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.
Det er elleve bachelorprogram og fire masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som stipendiat (100%) innan fagområdet sosiologi/samfunnsvitskap ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, campus Sogndal
Om stillinga:
Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av arbeidstida vil vere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet.
Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL og det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsstaden sin ved Institutt for samfunnsvitskap ved campus Sogndal.
Det er ønskjeleg med tiltreding 01.08.2023.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiatstilling i sosiologi/samfunnsvitskap knytt til "Ungdom og regional utvikling".
Stipendiatstillinga er knytt til doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og Regional utvikling (RESINREG). RESINNREG er eit tverrdisiplinært PhD-program som undersøkjer korleis innovasjonar kan møte miljømessige og sosiale utfordringar i tillegg til økonomiske oppgåver i regionale kontekstar.
Institutt for samfunnsvitskap (ISV) har m.a. ansvar for ei bachelorutdanning i sosiologi/ungdomssosiologi, med ungdom, arbeidsliv og regionalitet som fokusområde, stipendiaten vil bli ein del av dette fagmiljøet, òg av det stipendiatmiljøet som er knytt til RESINNREG.
Søkjarane må skrive seg inn i ein eller fleire av doktorgradsprogrammet sine tre forskningspilarar, men samstundes adressere sentrale sosiologiske/ samfunnsvitskaplege temaområde med relevans for bachelorutdanninga. Stipendiaten skal utvikle eit forskingsprosjekt som skal styrke fagmiljøet både ved doktorgradsprogrammet og bachelorprogrammet, og det er difor ei forventning om at søkjaren set seg inn i dei forskingsområda som blir skildra i dei to programma.
Forskingstema
Vi ønskjer særleg velkommen prosjekt som utforskar korleis ungdom i ulike lokale/regionale kontekstar formar og blir forma av institusjonaliserte forhold på ulike skalanivå.
Moglege temaområde kan vere:
Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan takast opp på ph.d.-programmet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG). Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet på våre heimesider: www.hvl.no/studier/studieprogram/ansvarleg-innovasjon-og-regional-utvikling/. Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeida ein detaljert plan for forskarutdanninga, som skal knytast til opptak på ph.d.-programmet.
Kvalifikasjonskrav:
Stillinga har slike krav:
Ønska kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Prosjektskisse:
Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektskisse på maks fem sider som skildrar tema, problemstillingar, val av teori og metode, og plan for gjennomføringa av prosjektet.
Den førebelse skissa vil bli nytta i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og er ikkje den endelege prosjektbeskrivinga. Stipendiatprosjektet vil bli vidare utforma i samråd med hovudrettleiar.
Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetjing. Seinast 3 månadar etter tilsetjing må stipendiaten ha fått opptak på det aktuelle ph.d.-programmet. Meir informasjon om tilsetting i stipendiatstilling kan du finne på HVL sine heimesider: Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder prosjektskisse, masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og at slik søknad bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen for stillinga, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på grunnlag av dokumentert kompetanse. På grunnlag av utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsetjinga skjer i tilsetjingsutvalet ved gjeldande fakultet.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stipendiatstillinga.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Førsteamanuensis Roger Hestholm: Roger.Hestholm@hvl.no / +47 57 67 62 68
Førsteamanuensis Lars Edvin Gjelstad: Lars.Edvin.Gjelstad@hvl.no
Instituttleiar Tone Merete Brekke: Tone.Brekke@hvl.no / +47 52 70 27 41
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.
