Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.
Det er elleve bachelorprogram og fire masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei mellombels stilling som stipediat (100%) innan fagområdet historie og innovasjon ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, campus Sogndal
Om stillinga:
Stipendiaten skal gå inn i eit godkjent opplegg for ph.d.-utdanning innanfor ei tidsramme på 4 år der 25% av arbeidstida vil vere pliktarbeid i form av undervisning, utviklingsarbeid eller administrasjon. Pliktarbeidet skal utførast ved Høgskulen på Vestlandet.
Stipendiatstillinga er ei rekrutteringsstilling som skal bidra til eit aktivt forskingsmiljø ved HVL og det er ein føresetnad at den som blir tilsett har arbeidsstaden sin ved Institutt for samfunnsvitskap ved campus Sogndal.
Det er ønskjeleg med tiltreding 01.08.2023.
Ansvars- og arbeidsområde:
Stipendiatstillinga er knytt til temaet "Samfunnsmessige og menneskelege konsekvensar av innovasjon".
Innovasjon blir gjerne brukt som eit fyndord og omtalt som løysinga på fortidige, samtidige og framtidige samfunnsproblem. Innovasjon har likevel ofte hatt utilsikta og samansette effektar, og innan forskingspolitikk, akademia og næringsliv har ein i seinare tid derfor understreka betydninga av ansvarleg forsking og innovasjon. Stipendiatstillinga og doktorgradsprosjektet vil bidra på dette feltet ved å undersøke innovasjon som eit historisk fenomen med langsiktige og ofte uoversiktlege verknadar.
Moglege temaområde, som må knytast opp til historisk empiri, kan vere (men er ikkje avgrensa til):
Prosjektet må ha ei historisk tilnærming, men vi åpnar for bruk av både kvalitative og kvantitative metodar.
Det er ein føresetnad at stipendiaten sitt prosjekt blir innretta slik at stipendiaten kan takast opp på ph.d.-programmet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG). Rettleiar vil saman med kandidaten utarbeida ein detaljert plan for forskarutdanninga, som skal knytast til opptak på ph.d.-programmet.
RESINNREG har tre pilarar (industriell innovasjon, grønn innovasjon, og innovasjon i offentlig sektor) og søknaden bør orientere seg mot ein eller fleire av desse. Sjå omtale, studieplan og opptakrav for programmet på våre heimesider: www.hvl.no/studier/studieprogram/ansvarleg-innovasjon-og-regional-utvikling/
Stipendiaten vil inngå i forskargruppa "Samfunnsendring, mobilitet, ungdom, kultur og kunnskap" (SMUKK), med særleg tilknyting til områda samfunnsendring og kunnskap. Hovudrettleiar er førsteamanuensis Knut Øyangen. Stillinga er ein KD-finansiert mellombels stipendiatheimel.
Kvalifikasjonskrav:
Stillinga har slike krav:
Ønska kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Prosjektskisse:
Søkjarar må legge ved ei førebels prosjektbeskriving på maks fem sider med utgangspunkt i temaet "Samfunnsmessige og menneskelege konsekvensar av innovasjon". Skissa skal skildre tema, problemstillingar, val av teori og metode, og plan for gjennomføringa av prosjektet.
Den førebelse prosjektbeskrivinga vil bli nytta i vurderinga av kandidaten sine kvalifikasjonar og er ikkje den endelege prosjektbeskrivinga. Stipendiatprosjektet vil bli vidare utforma i samråd med hovudrettleiar Knut Øyangen.
Søknad om opptak til doktorgradsprogrammet skal først sendast etter ei eventuell tilsetjing. Seinast 3 månadar etter tilsetjing må stipendiaten ha fått opptak på det aktuelle ph.d.-programmet. Meir informasjon om tilsetting i stipendiatstilling kan du finne på HVL sine heimesider: Tilsetting i stipendiatstilling - Høgskulen på Vestlandet.
Korleis søkje på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillingen” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert ut frå den informasjon som er lagt inn i www.jobbnorge.no ved søknadsfristens utløp. Det er søkjar sitt eige ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, herunder prosjektskisse, masteroppgåva/hovedfagsoppgåva og inntil 5 vitskaplege arbeid som de ønsker å ha med i vurderinga, fullstendig publikasjonsliste, attestar og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrift eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksame på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og at slik søknad bør sendast så tidleg som mogleg når du veit at du vil søkje stipendiatstillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå NOKUT innan søknadsfristen for stillinga, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har motteke søknaden din.
Søkjarar til vitskaplege stillingar vert vurdert av eit sakkunnig utval. Vurderinga skjer på grunnlag av dokumentert kompetanse. På grunnlag av utvalet si innstilling, vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju. Tilsetjinga skjer i tilsetjingsutvalet ved gjeldande fakultet.
Søknadane vert sendt elektronisk til det sakkunnige utvalet. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Stillinga som stipendiat vert løna i stillingskode 1017/ 1378 Stipendiat, lønstrinn 54. Opprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse. Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningsliner som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for tiltreding i stipendiatstillinga
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Førsteamanuensis Knut Øyangen, Knut.Einar.Utnes.Oyangen@hvl.no / +47 57 67 62 08
Instituttleiar Tone Merete Brekke, tone.brekke@hvl.no / +47 52 70 27 41
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.