Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Biblioteket er organisert som ein del av HVLs fellesadministrasjon, og er i dag organisert med fire eningar; eining for publikumstenester, eining for studiestøtte, eining for forskingsstøtte og eining for informasjonsressursar. Bibliotektenesta omfattar fem fysiske bibliotek fordelt på fem campus. Biblioteket har eit bredt tenestetilbod for studentar og tilsette, og skal vidareutviklast som eit tidsaktuelt utdannings- og forskingsbibliotek som aktivt støttar opp under høgskulens faglege profil og ambisjonar.
Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast 100% stilling som spesialbibliotekar/universitetsbibliotekar
Stillinga er knytt til biblioteket si eining for informasjonsressursar og rapporterer direkte til leiar for eininga. Arbeidsstad er campus Sogndal, med hovudansvar for innkjøp og vedlikehald av samlingane i campusbiblioteket. Stillinga vil også ha medansvar for samkøyring og utvikling av bibliotektenester på tvers av HVL sine fem campus. I tillegg inngår stillinga i biblioteket si førstelinjeteneste med skrankevakter og fysisk og digital rettleiing av studentar og tilsette. Stillinga vil også inngå i ulike team på tvers av campus med stor grad av digital samhandling.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonskrav:
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1515 - Spesialbibliotekar eller i stillingskode 1199 - Universitetsbibliotekar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar Turid Bogetvedt Hitland
E-post: turid.bogetvedt.hitland@hvl.no
Tlf: 55 58 55 44
Einingsleiar Ragnhild Vingsand
E-post: ragnhild.vingsand@hvl.no
Tlf: 55 58 75 21
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.