UWC Røde Kors Nordisk Hovedbilde

Event og prosjektkoordinator i 100 % fast stilling

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Event og prosjektkoordinator UWC Røde Kors Nordisk Fjaler, Sunnfjord Fulltid
UWC Røde Kors Nordisk Logo

UWC Røde Kors Nordisk

Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Norge
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Leonora Laukeland Kleiven
414 48 297

Søknadsfrist

15. august 2024 Søk på stillinga her

Kan du tenke deg ei spennande og utfordrande stilling i eit entusiastisk miljø med høg kompetanse?

Då vil stillinga vår som Event og prosjektkoordinator kunne vere rette stillinga til deg.

Event og prosjektkoordinator jobbar tverrfagleg, og er ansvarleg for planlegging og gjennomføring av ulike events og prosjekt som skulen og UWC Connect gjennomfører i løpet av året både på og utanfor Campus. Stillinga krev at du må vere komfortabel i ei leiarrolle, like å ta ansvar og ha høg gjennomføringskraft. Event og prosjektkoordinator vil vere plassert i avdelinga som jobber med Eksterne relasjonar, og saman har vi det overordna ansvaret for skulen sitt arbeid med eksterne relasjonar og kommunikasjon. Vi har fleire spennande prosjekt som vi skal arbeide med framover, inkludert 30-års jubileumet til skulen i 2025.

Som Event og prosjektkoordinator vil du rapportere direkte til Direktør for samfunnskontakt og kommunikasjon, og bidra til å oppfylle skulen sine strategiske og økonomiske mål. Du vil også arbeide tett med Dagleg leiar hjå UWC Connect og øvrige tilsette i både UWC RCN og UWC Connect.

Hovedoppgåver:

  • Ansvar for skulen sine interne og eksterne event som involverer elever og besøkjande, td avgangsseremoni for elevar, besøk frå foredragsholdere, Reunion, deltaking på arrangement utanfor campus osv
  • Ansvar for skulen sine prosjektaktiviteter og søke å utvikle prosjektaktiviteter som støttar opp under skulen sin misjon
  • Søke eksterne midler til gjennomføring av prosjektaktiviteter
  • Økonomiansvar for events og prosjekt - Bistå i arbeidet innanfor External Relations, som td kommunikasjon, fundraising etc

Sentrale arbeidsoppgåver for stillinga vil vere:

  • Følge opp dei ulike eventa frå start til slutt: t.d. koordinering, bemanning, innkjøp, lyd,
  • Ha ansvar for og jobbe tett saman med elevane i gjennomføring av events og prosjekt, samt Operational Service Manager og Viserektor.
  • Følge opp prosjektaktiviteter og ha oversikt og kontroll på økonomi, tidsfristar og rapportering
  • Bygge nettverk og representere UWC i relevante forum både på og utanfor campus
  • Jobbe tett saman med Connect Manager og Kommunikasjons koordinator for å få det beste ut av kvart einskild event
  • Søke moglegheiter for forbetring av alle event og prosjekt

Du vil finne utfyllande informasjon om stillinga, kontaktinformasjon og korleis søke på stillinga på heimesida vår, jamfør http://uwcrcn.no/vacancy/.

Med ynskje om ein god sommar - og så ser vi fram til å høyre frå deg!