Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Vertskap i turistinformasjon | Ullensvang kommune | Ullensvang | Sommerjobb |
På turistinformasjonane i Odda og Jondal søkjer me deg som ønskjer å hjelpe turistar med informasjon om Ullensvang og som vil bidra til at turistane kjenner seg velkomne i kommunen.
I denne vertskapsrolla må du ta godt imot turistane og formidle informasjon om overnattingstilbod, aktivitetar, arrangement, transport og liknande. Arbeidsoppgåvene dine vil vera å formidle informasjon til turistar på engelsk og norsk i person, på telefon og på e-post.
Me søkjer etter deg som:
Det er størst behov for sesongmedarbeidarar frå juni til ut august. I tillegg er det positivt om ein har høve til å jobbe i mai og september, spesielt i helger.
Turistinformasjonane har ulike opningstider. Ein arbeidsdag vil vera på 7,5 time innanfor tidsrommet kl. 09-19 i Odda og innanfor kl. 09-17 i Jondal. Ein vil vera fleire på jobb innanfor desse tidsromma. Arbeid minst kvar 3. helg må reknast med.
Me ber om at du i søknaden spesifiserer om du ønskjer å jobbe i Odda eller Jondal og kva tidsrom du kan jobbe i.
Løn etter tariff.
Søknadsfrist: me handsamar søknadar fortløpande
Velkomen som søkjar!