
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Sommarjobb 2026 | SpareBank 1 Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Fulltid |

No søkjer vi sommarstudentar til tre ulike fagmiljø ved hovudkontoret i Førde. Du vel sjølv kva avdeling du søkjer på: direktebank, bedriftssenter eller kredittstøtte.
Å vere sommarvikar hos den største finansaktøren i Sogn og Fjordane gir deg innblikk i korleis det er å arbeide i næringa vår. Det er også ein sjanse til å vise seg fram for ein spennande arbeidsgjevar med mange ulike fagområde. Vi ser etter deg som har god arbeidskapasitet, som er nysgjerrig og som ønskjer å sette spor hos SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Direktebank
Direktebank er banken sitt kundesenter og banken si stemme ut mot privatkundane våre. Her får du førstehands erfaring med rådgjeving, rettleiing og kundedialog.
Du vil hjelpe kundar med daglege banktenester, svare på spørsmål og bidra til gode kundeopplevingar på telefon og digitale flater. Du vil og jobbe med å ta imot kundar som kjem inn i banken. Det gir deg ei variert rolle der du møter kundane både fysisk og digitalt, og der service og tryggleik står i sentrum.
Dette passar for deg som trivst med høgt tempo, likar å snakke med folk og evnar å forklare både enkle og meir komplekse spørsmål på ein forståeleg måte.
Bedriftssenter
Bedriftssenteret jobbar tett på næringslivet i regionen. Her får du innsikt i korleis banken samarbeider med små og mellomstore bedrifter.
Arbeidskvardagen handlar om å hjelpe bedriftskundar med daglege banktenester, svare på spørsmål og bidra til gode kundeopplevingar på telefon og digitale flater. Du får sjå korleis gode relasjonar og presis oppfølging er avgjerande når vi jobbar med bedriftskundar.
Dette passar for deg som er strukturert, serviceinnstilt og har interesse for næringsliv og økonomi.
Kredittstøtte
Avdeling for kredittstøtte spelar ei nøkkelrolle i banken. Dei sørgjer for at lånedokument er korrekte og at utbetalingar skjer til rett tid.
Som sommarvikar vil du mellom anna jobbe med utbetaling av lån og kredittar, endringar på eksisterande lån og vedlikehald av depot. Du blir ein del av eit fagmiljø der nøyaktigheit og struktur er heilt avgjerande.
Dette passar for deg som har auge for detaljar, lærer raskt og handterer digitale arbeidsverktøy utan problem. Erfaring er ikkje eit krav. Du får nødvendig opplæring hos oss.
Kven ser vi etter
Vi ser etter deg som studerer relevante fag og ønskjer praktisk erfaring. Du er nøyaktig og tek ansvar for eigne oppgåver. Du kommuniserer tydeleg, både munnleg og skriftleg, og samarbeider godt med andre. Du ønskjer å jobbe heile sommaren.
Vi håpar også at du ser for deg å kunne jobbe hos oss fleire somrar, og kanskje i andre periodar gjennom studietida.
Her blir du ein del av den daglege drifta i banken. Du jobbar saman med erfarne kollegaer og får oppgåver som betyr noko i kvardagen. Vi samarbeider godt, deler kunnskap og hjelper kvarandre når det er travelt.
Ein sommarjobb hos oss gir deg innsikt i korleis bank fungerer frå innsida, tett på både kundar, rådgjevarar og kredittarbeid. Du får ansvar, tillit og erfaring du kan ta med deg vidare.
Arbeidsstad: Førde
Hugs å skrive i søknaden kva avdeling du søkjer på.
