Om stillinga
Vi har ledig 80 - 100 % fast stilling som sjukepleiar på natt, med oppstart 1. september.
Arbeidsoppgåver
- Den tilsette skal utføre sjukepleiaroppgåver i heimetenesta. Det er ansvar for administrering av medisin, stell og pleie i heimen, i samarbeid med pasient og pårørande.
- Arbeid kvar 3. helg
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent utdanning som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- Førarkort for personbil
Om deg
- Vår nye medarbeidar må vere ansvarsbevisst, ha evne til samarbeid og kunne jobbe både sjølvstendig og i eit arbeidsfellesskap.
- Det vert lagt vekt på at medarbeidar er endringsdyktig, fleksibel og har ei reflektert holdning i praksis.
- Vi ønskjer ein person med godt humør, som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Moglegheit for auka stillingsprosent , 80-100%
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
- Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.