Hyllestad kommune Hovedbilde

Sjukepleiar i fagstab

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad kommune har ledige 4 stillingar som sjukepleiar. Hyllestad kommune har starta opp ny modell for organisering av sjukepleiarar i stab med eigen leiar, stillingane inngår i denne staben. Staben består av tverrfagleg fagsamansetting med sjukepleiarar, ergo- og fysioterapeut, pedagog og vernepleiarar. Dette gir unike moglegheiter for å inngå i eit tverrfagleg lag rundt brukaren med kompetanse og innsats.

Omsorgstenestene våre er organisert med 3 avdelingar i institusjon og 3 avdelingar i heimetenesta (omsorgsbustadar, uteavdeling og miljøteneste). Avdelingane er bemanna med gode og fagleg dyktige helsefagarbeidarar og assistentar og kvar avdeling avdelingsleiar med personal- og avdelingsansvar.

Som sjukepleiar i Hyllestad vil du ha det sjukepleiefaglege ansvaret for to til tre avdelingar og samarbeide tett med avdelingsleiar og dei tilsette i oppfølging av pasienten/ brukaren.

Hyllestad kommune arbeider aktivt og framtidsretta med utviklingsarbeid innan velferdsteknologi, gode pasientforløp og er i gang med systematisk arbeid og utvikling av vår demensomsorg. Hyllestad omsorg har også eigen legevaktsatelitt som er betjent med dyktige og erfarne sjukepleiarar med høg kompetanse i akuttsjukepleie og ein godt utstyrt satellitt med naudsynt utstyr og materiell

Hyllestad kommune kan tilby turnus med 3. eller 4 kvar helg med langvakter, om det er ynskjeleg og turnus gjev avsett tid til utviklingsarbeid, kurs og individuell kompetanseutvikling. Kommunen tilbyr vidareutdanning etter verksemda si kompetanseplan og behov

Arbeidsoppgåver

Utøve sjukepleie til brukarane
Ansvar for planlegging og oppfølging av pleieplanar
Delta i legevaktsatelitt
Delta i beredskapsvakt ved fråvær
Samarbeid og følgje opp tilsynslege og legevakt
Medikamenthandtering
Kontakt med pårørande og oppfølging
Delta og følgje opp tverrfagleg samarbeid og utviklingsarbeid
Fag- og utviklingsansvar for områder i Handlingsplanen : Leve heile livet
Planlegge og følgje opp pleieplaner, IPLOS kartleggingar

Kvalifikasjonskrav

Norsk autorisasjon som sjukepleiar
Gjerne relevant erfaring
Gode norskkunnskapar
Førarkort for personbil
Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding
Gjerne vidareutdanning eller kompetanse innan velferdsteknologi, geriatri eller akuttsjukepleie, kreftsjukepleie/palliasjon

Om deg

Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Evner å strukturer og koordinere arbeid i ein hektisk kvardag
Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
Evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
Positiv og imøtekommande

Vi tilbyr

Lønn med tilskudd kr 20.000
Legevaktsatelitt tillegg kr 15 000
Årsturnus
Mentorordning / skyggeturnus
Spennande og reindyrka sjukepleieoppgåver i unik organisering i tverrfagleg samansett stab
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande tverrfagleg arbeidsmiljø
Eit arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Hjelp til å finne bustad
Gratis trening i treningssenteret
Barnehageplass

Velkomen som søkjar! Tilsetting vil skje fortløpande.

Hyllestad kommune Kulturbilde