Hyllestad kommune Hovedbilde

Sjukepleiar i omsorgstenestene i Hyllestad

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Sjukepleiar Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Om stillinga

Hyllestad kommune har ledige stillingar som sjukepleiarar i omsorgstenestene. Stillingane vil vere fordelt både i heimetenestene og på institusjonen. Sjukepleiarstillingane er organisert i stab, der du enkelte dagar arbeider "på toppen" og andre dagar deltek i pleien. Arbeidstida er p.t. etter oppsett årstunus, arbeid 3. kvar helg og tredelt (dag, kveld og natt).

Som sjukepleiar i Hyllestad kommune er du med å sikre at brukarane av omsorgstenestene får naudsynt pleie og omsorg, hjelp, støtte og tilsyn.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve sjukepleie til brukarane
  • Ansvar for at brukarane får pleieplanar og at desse vert oppdatert og oppfulgt
  • Delta i legevaktsordning i samarbeid med legavakta i Førde
  • Delta i bakvaktsordning
  • Medikamenthandtering
  • Ha kontakt med pårørande

Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gjerne relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar
  • Førarkort for personbil
  • Du må kunne vise fram tilfredsstillande politi- og helseattest før tiltreding

Om deg

  • Ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ha evne til å strukturera og koordinera arbeid i ein hektisk kvardag
  • Medansvar for å fremje eit godt arbeidsmiljø
  • Har evne til å jobbe sjølvstendig og løysingsorientert
  • Bidra til å skape kontinuitet, kvalitet og stabilitet på arbeidsplassen

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn, 20.000 ekstra for dei som arbeider i turnus
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap med høg fagleg og etisk kompetanse
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Hjelp til å finne bustad
  • Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen
  • Bustadtilskot til førstegongsetablerarar i kommunen etter eigne reglar
Hyllestad kommune Kulturbilde