Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Seniorkonsulent / rådgjevar - studentinnovasjon - HVL Skape

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

27. april 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet har i samarbeid med Sogn Næring ledig stilling som seniorkonsulent / rådgjevar knytt til studentinnovasjon og entreprenørskap - HVL Skape
HVL Skape (www.hvlskape.no) er Høgskulen på Vestlandet (HVL) sitt tilbod til studentar innan innovasjon og entreprenørskap som strekker seg utover det som skjer i fag og emne, og er eit tilbod for alle studieretningar og på alle campus.
HVL Skape er ein del av Avdeling for samfunnskontakt- arbeidsliv og livslang læring i HVL. Avdelinga skal vere pådrivar for å vidareutvikle samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnliv, styrke HVLs posisjon i regionen og synleggjere HVL som kunnskaps- og kompetanseaktør.
I samarbeid med Sogn Næring søkjer vi no ein seniorkonsulent/rådgjevar som skal bidra i arbeidet med å vidareutvikle HVL Skape, bidra til kulturbygging og mobilisering for entreprenørskap blant ungdom, og knytte saman arbeid med innovasjon og entreprenørskap i HVL og Sogn Næring med resten av utviklingskapasiteten i Sogn.
Stillinga skal ha eit særleg fokus på aktivitetar knytt til HVL campus Sogndal/Fosshaugane campus, men vil inngå i HVL Skape-teamet som får ressursar på alle fem campus i HVL (Bergen, Førde, Haugesund, Sogndal, Stord). Stillinga skal og delta på aktivitar og interne prosessar hjå Sogn Næring. Dette arbeidet er særleg knytt til gründerar, men utviklingsarbeid generelt vil også vere aktuelt.
Stillinga har arbeidsstad ved campus Sogndal.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra i HVL sitt arbeid med tilrettelegging for innovasjon og entreprenørskap blant studentar gjennom HVL Skape
  • Mobilisere til auka innovasjons- og entreprenørskapskultur blant studentar
  • Rettleie studentar med eigne innovasjons- og gründerprosjekt
  • Arrangement og aktivitetar i regi av HVL Skape, med et særleg ansvar for planlegging, gjennomføring og oppfølging av arrangement og aktivitetar ved HVL campus Sogndal/Fosshaugane campus
  • Bidra i arbeidet med å koordinere og gjennomføre aktivitet i HVL Skape gjennom tett samarbeid internt i HVL, med Sogn Næring, og med øvrige samarbeidspartnarar
  • Bidra i Sogn Næring sitt arbeid med kulturbygging for gründerskap og mobilisering av gründere
  • Vere ein aktiv bidragsytar og del av Sogn Næring sitt offensive team som jobbar for vekst og utvikling i Sogn
  • Prosjektutvikling
  • Tilrettelegging for nettverksbygging og møteplassar
  • Samarbeid med arbeids-, nærings-, og samfunnsliv i regionen

Kvalifikasjonskrav

Utdanning og kompetanse:

  • Bachelorgrad, gjerne mastergrad, med relevans for den utlyste stillinga
  • God kjennskap til entreprenørskap og innovasjonsprosessar, og arbeids- og næringsliv i regionen
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk, eventuelt anna skandinavisk språk, og engelsk


Ønska kvalifikasjonar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Erfaring med innovasjonsprosjekt
  • Erfaring med formidling og gode formidlingsevner
  • God kjennskap til høgare utdanning og høgskulen sitt samfunnsoppdrag kan vere ein føremon
  • God kjennskap til lokalmiljøet og utviklingsmiljøet i- og rundt Sogndal, og interesse for arbeids-, nærings-, og samfunnsliv i regionen kan vere ein føremon
  • Erfaring frå prosjektarbeid, prosjektutvikling og søknadsprosessar knytt til eksternfinansiering kan vere ein føremon
  • Forretningsforståing og kjennskap til utvikling av næringsverksemd kan vere ein føremon


Personlege eigenskapar:
Vi søkjer ein sjølvstendig kandidat som er kreativ og initiativrik. Ein bør like- og evne å kome i kontakt med folk, vere løysingsorientert, og kunne bidra til å skape engasjement.
Stillinga ligg til Høgskulen på Vestlandet, men vert delfinansiert 50 prosent av Sogn Næring. Ein viktig funksjon for stillinga er å smelte miljøa saman, og stillinga vil få kontorplass både ved HVL og hjå Sogn Næring.

Kontaktpersonar for stillingen:
Avdelingsleiar Avd. for samfunnskontakt – arbeidsliv og livslang læring, HVL, John Tveit (980 28 771)Dagleg leiar, Sogn Næring, Torgeir Skålid (975 87 931)

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb med gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit spennande, triveleg og offensivt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ i stillingskode 1363 - seniorkonsulent eller i stillingskode 1434 - rådgjevar etter kompetanse.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 25 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje, den totale mengda vedlegg kan ikkje overstige 50 MB
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.

Sogn Næring

Sogn Næring sine verdiar er initiativ, handlekraft og samspel.
Sogn Næring sitt arbeid skal vere kjenneteikna av at me tek initiativ ved å inspirere og legge til rette for utvikling, nye løysingar, samarbeid og ny kunnskap.
Vi skal vere handlekraftige ved å vere lett tilgjengelege og kunne mobilisere raskt når det trengs. Gode resultat blir til gjennom samarbeid med våre mange samarbeidspartnarar, og samspel er difor ein viktig verdi for selskapet.

Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde