
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Senioringeniør - M365 og brukarsikkerheit | Høgskulen på Vestlandet | Fulltid |

Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for informasjonsteknologi og -tenester har ledig fast stilling i 100 % som senioringeniør for M365 og brukarsikkerheit.
System og infrastruktur (ITSI) har ansvar for drift, forvalting og utvikling av HVLs felles digitale infrastruktur. Eininga sikrar stabile, kosteffektive og framtidsretta løysingar for undervisning, forsking og administrasjon. Vil du hjelpe til med å sikre effektive, framtidsretta og trygge IT-tenester for Høgskulen på Vestlandet?
Arbeidsstaden er ein av høgskulens fem campusar: Bergen, Førde, Sogndal, Stord eller Haugesund.
Som senioringeniør i IKT systemdrift vil du vere ein sentral fagressurs innan Microsoft 365, med ansvar for drift, vidareutvikling og sikkerheit i plattforma. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna:
Microsoft 365/Entra ID
Sikkerheit
Anskaffingar og samarbeid
Stillinga byr på ein variert arbeidskvardag der du arbeider operativt med brukarsikkerheit – frå førebyggjande tiltak til handtering av reelle sikkerheitshendingar. Du tek del i vidareutviklinga av tenestene og bidreg til å sette retning for utvikling og sikring av M365-plattforma.
Formell utdanning og kompetanse:
Personlege eigenskapar:
Vi har ansvar for eit stort driftsmiljø med mange brukarar, det er difor viktig for oss at du både er fagleg sterk og kan arbeide systematisk og strukturert på eiga hand. Viss du er god på samarbeid kjem det til nytte, du vil tett inn mot andre i og utafor eininga og avdeling. Vi set pris på at du er villig til å dele av din eigen kunnskap, at du er hjelpsam mot kollegane dine, og at du tek del i opplæringa av lærlingane våre.
HVL/Ingvild F. Melien
Vi har eit stort og kompetent IKT-miljø som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling.
Vi ønskjer at medarbeidarane våre utviklar seg i jobben, og dette legg vi til rette for gjennom intern opplæring, eksterne kurs og ved å delta i forum for samarbeid og kunnskapsdeling.
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1181 - senioringeniør.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
