Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Samfunnsplanlegger | Ullensvang kommune | Ullensvang | Fulltid |
Ullensvang er Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa?
Vi har 1 ledige stillingar som samfunnsplanleggjar
For å styrkje utviklinga av kommunen ynskjer me å tilsetja ein drivande og engasjert samfunnsplanleggjar i 100% fast stilling. Stillinga ligg til verksemd for Samfunnsutvikling og plan i Ullensvang kommune. Verksemda har i dag 7 tilsette, og det er kontorfasilitetar i Odda, Jondal og Kinsarvik. Ein vil vere fleksibel i høve til arbeidsstad.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil vere knytt opp til alle nivå av areal- og samfunnsplanlegging. Hovudmengda av arbeidet er knytt til utarbeiding av kommunale reguleringsplanar og handsaming av private planframlegg. I tillegg vil ein bidra inn i fagmiljøet og i ulike utviklingsprosjekt i kommunen.
Ynskte kvalifikasjonar:
• Minimum 3- årig høgare planleggjarutdanning, evt. ingeniør, arkitekt eller landskapsarkitekt med relevante fagkretsar
• Kjennskap/ erfaring til aktuelt lovverk og erfaring frå fagområda
• Kjennskap/ erfaring innan GIS og kartsystemet GISLINE som kommunen nyttar
• Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
• Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
• Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
Eigenskaper:
• Evne til å arbeida systematisk
• Gode gjennomføringsevner
• Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
• Fleksibilitet og positiv innstilling
• Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
• Fast 100% stilling
• Varierte arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
• Løn etter avtale
• Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
• Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår