Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Rådgjevar/studierettleiar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Sogndal Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

8. juni 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Dette er Høgskulen på VestlandetHøgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI) har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 200 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Studieadministrasjonen ved FLKI har 27 tilsette fordelt på tre campus; Bergen, Sogndal og Stord.


Ved Høgskulen på Vestlandet er det ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar/studierettleiar i studieadministrasjonen ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI), campus Sogndal.

Om stillinga:
Sentralt i stillinga er studierettleiing, saksbehandling, informasjonsarbeid og arbeid med kvalitet i utdanningane ved FLKI. Ein stor del av stillinga vil vere knytt til administrasjon i grunnskulelærarutdanningane og praktisk-pedagogisk utdanning. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåvene, som spenner frå rutinearbeid til arbeid med utvikling og kvalitetssikring av studieprogramma. Som del av rådgjevarstillinga vil koordinerande oppgåver i eininga og oppgåver knytt til strategiske satsingar, t.d. internasjonalisering og digitalisering, vere aktuelt. Stillinga krev stor grad av sjølvstende.

Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing av studentar i studieadministrative saker
  • Sjølvstendig og krevjande saksbehandling
  • Informasjonsarbeid retta mot studentar og tilsette
  • Koordinerande oppgåver og praktisk tilrettelegging i studieprogramma
  • Kvalitetssikring av studieprogram og emne og administrativt arbeid med studie- og emneplanar
  • Registrering og kvalitetssikring av studentopplysningar og individuelle utdanningsplanar
  • Utviklingsoppgåver og analyse knytt til utdanningskvalitet, system og rutinar
  • Saksførebuing til råd, utval og leiargrupper


Andre relaterte ansvarsområde og arbeidsoppgåver kan også vere aktuelle.

Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis masternivå
  • Relevant administrativ erfaring
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God digital kompetanse
  • Analytisk kompetanse


Ønska kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå universitets- og høgskulesektoren
  • Erfaring frå studieadministrativt arbeid
  • Erfaring frå utviklingsarbeid
  • Spesialkompetanse på høgt nivå tilpassa funksjonane i stillinga


Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig og løysingsorientert
  • Utviklingsorientert, initiativrik og fleksibel
  • Strukturert og ansvarleg

Vi tilbyr

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som rådgjevar/studierettleiar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.


Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.

Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista vert handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.

Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet er:

  1. Studieadministrativ leiar Eli Borsholm, tlf.: 55 58 59 57 / 920 29 150, e-post: eli.borsholm@hvl.no
  2. Fagansvarleg studiesaker Trude Myklebust, tlf.: 55 58 59 74 / 975 64 428, e-post: trude.myklebust@hvl.no


Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.

Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde