Vil du jobbe hos Statforvaltaren? Vi har ledig fast stilling på utdanningsområdet!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Rådgjevar/seniorrådgjevar – utdanningsområdet Statsforvaltaren i Vestland Fulltid

Om stillinga

Utdannings- og verjemålsavdelinga har 62 tilsette og er organisert i tre seksjonar. To av seksjonane arbeider med barnehage og skule/opplæring.

Avdelinga er delegert oppgåver frå Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet, og har ei brei portefølje i forvaltninga på barnehage- og skuleområdet. Arbeidet omfattar tilsyn, klagebehandling, tilskotsforvaltning, oppfølging av statlege satsingsområde og informasjons- og rettleiingsoppgåver.

På utdanningsområdet er Statsforvaltaren eit bindeledd mellom Utdanningsdirektoratet og barnehage- og skulesektoren. Vi skal bidra til at den nasjonale politikken blir følgd opp av fylkeskommunale, kommunale og private barnehage- og skuleeigarar. Avdelinga har og oppdrag på integreringslova sitt område.

Statsforvaltaren i Vestland har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger. Utdannings- og verjemålsavdelinga har no ledig ei fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar på utdanningsområdet med kontorstad på Leikanger.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåvene vil vere knytt til saks- og klagebehandling og tilsyn. Dette inkluderer informasjon og rettleiingsarbeid på ulike regelverksområde. Du får opplæring og god introduksjon til dei oppgåvene som ligg til stillinga og til dei arbeidsmåtane vi brukar. På tilsynsområdet arbeider vi alltid i team.

Kvalifikasjonar

  • master i rettsvitskap, pedagogisk utdanning på masternivå eller samfunnsvitar på masternivå
  • interesse for utdanningsfeltet og samfunnsspørsmål meir generelt
  • god forståing for offentleg forvaltning
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne, på nynorsk og bokmål
  • kunnskap om kommunal sektor
  • digital kompetanse

Personlege eigenskapar

  • gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg både i eksternt og internt arbeid og prosessar
  • evne til å kommunisere kompliserte problemstillingar på klåre og mottakartilpassa måtar
  • evne til å gjere samarbeidsrelasjonar gjensidig nyttige og gode
  • vere felles med kollegaar og leiing om avdelinga sitt felles og samla oppdrag

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • eit kompetent og godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • medlemskap i offentleg tenestepensjonsordning
  • fleksibel arbeidstid

Vilkår

Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 520 000–620 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av seksjonsleiar Mats Petter Sydengen på telefon 57 64 31 57