Høgskulen på Vestlandet, Fakultet for helse og sosialvitskap, har ledig ei 100% fast stilling som som rådgjevar/seniorrådgjevar innan nyskaping og regional utvikling.
Stillinga er knytt til fakultetsadministrasjonen ved Fakultet for helse- og sosialvitskap, som rådgjevar/seniorrådgjevar innanfor nyskaping og regional utvikling. Fakultetsadministrasjonen er lokalisert på alle HVL sine fem campus. Vi søkjer ein erfaren og engasjert rådgjevar/seniorrådgjevar som vil spele ei nøkkelrolle i å styrke fakultetets satsing på nyskaping for helse- og omsorgstenestene, forsking og utvikling (FoU), formidling og administrative prosessar. Rådgjevaren/Seniorrådgjevaren skal samarbeide nært med prodekan for nyskapning og regional utvikling, administrasjonssjef og andre rådgjevar ved fakultetet. Heile forvaltninga er i stor endring i forhold til digitale arbeidsprosessar, og stillinga vil vere med på å forme utviklinga av dette.
Arbeidsstaden er ved ein av dei fem campusane ved HVL.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Halde seg orientert om relevante endringar og prosessar internt og eksternt
- Bidra til at fakultetets ambisjonar innanfor nyskaping, teknologiutvikling og samspel med omjevnadene nås
- Vere sekretær i relevante fora, herunder førebuing av saker og innkallingar og referatskriving
- Førebuing av saker for fakultetsleiinga
- Bidra til- og tilrettelege for oppfølging av vedtak
- Bistå med formidling av informasjon internt og eksternt
- Bidra til koordinering av og utvikling av rutinar og retningslinjer for nettverk og samarbeid med interne og eksterne aktører
- Utgreiings- og utviklingsarbeid i samsvar med strategi og handlingsplanar
- Gjennomføre analyser og utarbeide statistiske oversikter som grunnlag for beslutningar og utviklingstiltak
- Delta og bidra på andre saksfelt etter behov
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Relevant utdanning på minst masternivå.
- Dokumentert erfaring med administrasjon innanfor fagfeltet
- Relevant administrativ erfaring
- Meget gode muntlige og skriftlige engelskkunnskaper samt flytende skandinavisk
- Forståelse for norsk og europeisk forsknings-, utdannings- og innovasjonspolitikk
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring med effektivisering- og digitaliseringsprosessar
- Kjennskap til utdanningssektoren og/eller helseføretak, forskingsinstitusjonar og andre relevante offentlege instansar
- Relevant erfaring innan ansvars- og arbeidsoppgåvene knytt til stillinga
- God forståing for offentleg forvaltning og god innsikt i krava som vert sett til kvalitetssikring og gode administrative tenester.
- God forståing for høgskulen sitt samfunnsoppdrag
- God organisasjonsforståing
Personlege eigenskapar:
- Du er ein person som trivst med samarbeid på tvers av ulike fagmiljø, og dine kommunikasjonsevner gjer at du kan bygge gode relasjonar med dei du møter
- Du har evne til raskt å sette deg inn i komplekse problemstillingar og sjå helheita i utfordringar
- Du er også flink til å identifisere behov som kanskje ikkje er like openbart ved fyrste augekast, noko som gjer deg til ein verdifull ressurs i prosessar som krev strategisk tenking
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Løysningsorientert og fleksibel i forhold til endring i arbeidsoppgåver
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som rådgjevar/seniorrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar/ 1364 - seniorrådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.