Høgskulen på Vestlandet Hovedbilde

Rådgjevar - prosjektøkonomi

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Høgskulen på Vestlandet Bergen Fulltid
Høgskulen på Vestlandet Logo

Høgskulen på Vestlandet

Inndalsveien 28
5063 Bergen
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erin Fausa Pettersen
951 43 100

Søknadsfrist

18. september 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
HVL si Avdeling for økonomi er leia av økonomi- og arealdirektør, som har det overordna ansvaret for området. Til det ligg ansvaret for HVL si samla økonomifunksjon, arealforvalting, drift og prosjektoppfølging. Til området ligg også verksemdsstyring og internrevisjon.
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for økonomi har ledig ei fast stilling i 100% som rådgjevar innan prosjektøkonomi.
Om stillinga:
Innan utdanning og forsking har Høgskulen på Vestlandet (HVL) fleire prosjekt som følgjast opp særskilt økonomisk. Dette kan vere finansiering frå NFR, EU, organisasjonar, næringsliv og statlege direktorat. Desse prosjekta må følgjast opp i heile prosjektfasen med budsjett/søknadar og rapportering/rekneskap i samarbeid mot prosjektleiarane. HVL har eit prosjektomfang på ca. 300 mill. kr. i 2021. Stillinga er ein del av eit team med økonomar.
Arbeidsstaden er ein av HVL sine fem campus.

Arbeidsoppgåver

Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:

  • Yte god støttte og rådgjeving til fageiningane, prosjektleiarane og eksterne bidragsytarar
  • Bidra med budsjettering i søknadar til eksterne finansieringskjelder
  • Ivareta rekneskaps-, budsjett- og prosjektoppfølging
  • Ivareta opplæring av prosjektleiarane
  • Bidra ved intern og ekstern rapportering på prosjekta
  • Ivareta prosjektoppfølging ved tertial- og årsoppgjersrapportar
  • Utarbeide oversikter, rapportar og prognosar til prosjektleiarane og fageiningar ved behov
  • Delta og bidra til utvikling og vedlikehald av interne rutinar, retningslinjer og system
  • Bistå ved utarbeiding av kontraktar og avtalar knytt til BOA (bidrags- og oppdragsfinansiert aktivitet)
  • Andre oppgåver i økonomiavdelinga



Kvalifikasjonskrav

Formell utdanning og kompetanse:

  • Høgare utdanning på bachelor- eller masternivå, med fortrinnsvis økonomirelatert innhald
  • Ønskjeleg med erfaring frå tilsvarande arbeidsområde
  • God kompetanse i engelsk
  • God rekneskapsforståing - erfaring med Unit4 er ein fordel

Om deg

Personlege eigenskapar:

  • Arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidsevner
  • Proaktiv
  • Nøyaktig
  • Stor arbeidskapasitet

Vi tilbyr

  • Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
  • Høve for trening i arbeidstida


Stillinga som rådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:Nestleiar Elise Aabel Eriksen, tlf.: 53 49 13 25/950 26 343, e-post: elise.eriksen@hvl.no

Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.
Bergen Haugesund Sogndal Stord Sunnfjord

Høgskulen på Vestlandet Kulturbilde