Digitaliseringsdirektoratet Hovedbilde

Bli med å ta våre fellesløysingar til nye høgder. Me søker erfarne systemutviklarar

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Systemutviklar Digitaliseringsdirektoratet Sogndal Fulltid
Digitaliseringsdirektoratet Logo

Digitaliseringsdirektoratet

Skrivarvegen 2, 6863 Leikanger, Noreg
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jørn Stenehjem
91 14 62 79

Søknadsfrist

13. mai 2024 Søk på stillinga her

Digitaliseringsdirektoratet utviklar digitale fellesløysingar som gjer Norge enklare! Me søker erfarne systemutviklarar til to av våre produktteam som arbeider med utvikling av nasjonale fellesløysingar.

MinID-teamet utviklar den offentlege eID MinID:

  • MinID er ein elektronisk ID utstedt av det offentlege, og har ei sentral rolle for all norsk ungdom når dei blir digitale brukarar.
  • MinID er del av ei rekke spennande prosjekt som vil gjere det enda enklare å ta i bruk elektronisk ID.

Kundetenester-teamet arbeider med løysingar for sjølvbetjening og statistikk:

  • Sjølvbetjening av integrasjonar og tilgangar til Digdir sine fellesløysingar
  • Interne løysingar for å administrasjon og forvaltning
  • Løysingar for administrasjon av sluttbrukarar
  • Statistikk for bruk av våre fellesløysingar

Hjå oss blir du del av eit av Norges fremste kompetansemiljø innan systemutvikling. Me har stort fokus på sikkerheit og tilgjengelegheit, og arbeider med spennande teknologiar. I vår avdeling blir du ein del av eit større fagmiljø på om lag 30 utviklarar. Du vil møte varierte arbeidsoppgåver og gode moglegheiter for personleg utvikling. Teama arbeider smidig og har stor grad av autonomitet. Du kjem til å arbeide med fagmiljø både i og utanfor Digdir.

Stillingane er fast med kontorstad i Sogndal kommune. Kontorstad på ein av våre andre lokasjonar i Brønnøysund eller Oslo kan vurderast i særskilde tilfelle.

I tillegg til interessante faglege utfordringar tilbyr me fleksibel arbeidstid og fantastiske moglegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø. Regionen har trygge og gode oppvekstmiljø for born, eit ungdommeleg studentmiljø, samt mange spennande fritidstilbod som gjer den til ein attraktiv stad å bu i for folk i alle aldrar.

Dine oppgåver

  • systemutvikling i eit smidig, DevOps-orientert produktteam med ansvar frå krav til produksjon
  • delta i design, utvikling og forvaltning av våre fellesløysingar
  • bidra til at sikkerheit og ytelse blir ivareteke
  • vere pådrivar for kvalitet i kodeleveranse og rettleie andre utviklarar
  • jobbe med avansert arkitektur for eksisterande og nye løysingar ved bruk av sky-teknologi
  • utvikling av native mobilapp for Android / iOS

Dine kvalifikasjonar

  • bachelor- eller masterutdanning innan programmering/systemutvikling (lang og særleg relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet)
  • relevant erfaring innanfor systemutvikling
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Sikkerhetsklarering:
Stillingen krever at du kan autoriseres for BEGRENSET etter bestemmelsene i sikkerhetsloven.

Avhengig av erfaring og utdanning ønskjer vi at søkjarane har god kunnskap og erfaring frå eitt eller fleire av følgjande område

  • systemutvikling i Java, gjerne med god kjennskap til Spring-rammeverket
  • løysingsarkitektur som støttar kontinuerlege leveransar
  • erfaring fra smidig utviklingsmetoder og teamarbeid
  • kvalitet i kodeleveranse inkludert modellering, "clean code" og testing
  • erfaring med applikasjonssikkerheit og sikker utvikling
  • erfaring med drift og utvikling av applikasjoner på kubernetes-basert plattform
  • erfaring med kotlin / swift for native apputvikling

Vi tilbyr deg

  • arbeidsoppgåver på eit felt prega av høg utviklingstakt og eit spennande samfunnsoppdrag
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
  • løn etter avtale
  • medlemskap i Statens pensjonskasse (http://www.spk.no) som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • familievenleg personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar
  • opning for to timar trening i veka i arbeidstida

Les meir om å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/lonn-goder-og-reise).

I tillegg til spennande faglege utfordringar kan vi også tilby kombinasjon av fleksibel arbeidstid og fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Visste du at Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar?

Vi søkjer deg som

  • kan jobbe sjølvstendig og i team
  • tek initiativ når du ser nye moglegheiter
  • er engasjert, strukturert, analytisk og løysingsorientert
  • har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne
  • ønskjer å ta ansvar i teamet og er open for å lære ny teknologiar og metodikk

Inkluderande arbeidsliv og mangfald

Vi har tru på at mangfald er ein viktig byggestein i eit godt, spennande og utviklande arbeidsmiljø, og vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Rett kompetanse på rett stad er vår viktigaste prioritering når vi rekrutterer, og vi vil legge til rette for at personar med nedsett funksjonsevne også kan jobbe hos oss.

Vil du vite meir?

Synes du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kontakt gjerne

  • Seksjonssjef Jørn Stenehjem telefon 911 46 279
  • Teamleiar MinID Eldar Venes telefon 913 28 347
  • Teamleiar Kundetenester Knut Kjærvik telefon 907 87 394

Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga. Har du teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, ber vi om ei autorisert oversetting av papir og vitnemål, og godkjenning frå NOKUT (http://www.nokut.no).

Søkarlister kan bli offentleggjort iht. offentleglova § 25. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette begrunnast. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkerlista. Du vil i så fall bli varsla.