Helse Førde Hovedbilde

Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Helse Førde Sunnfjord Fulltid
Helse Førde Logo

Helse Førde

Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Tor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag
(+47) 995 45 570

Søknadsfrist

14. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

Psykiatrisk klinikk har ledig 100% fast stilling som psykologspesialist/psykolog ved Psykiatrisk klinikk, DPS dag i Førde.
Den tilsette må kunne jobbe andre stadar ved behov.

Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn og har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har ca 200 årsverk og av desse er det 14 psykologar. Det er eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling.

Vi flytta inn i nytt moderne bygg i mars 2021, der vi har poliklinikk og 4 sengepostar med tilsaman 41 sengeplassar. Vi er samlokalisert med Førde BUP og vi ligg tett på Førde sentralsjukehus. Nybygget har ført til at fleire tilsette har blitt samla i eit større fagmiljø. Psykolog i spesialisering har høve til å kunne få all teneste som trengs for spesialisering i Førde.

DPS dag er ein poliklinikk for kommunane i Sunnfjord og Ytre Sogn. Tilsette er tverrfaglig samansett med psykologar, legar og høgskuletilsette. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø. DPS dag tilbyr ein rekke ulike terapiformer som t.d. eMeistring, MBT-I/G, B4DT. Inntil 50% av stillinga kan etter nærmere avtale knyttes til arbeid innenfor ein av desse retningane.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidet vil bestå av akutte vurderingar av pasientar som er i behov av rask psykisk helsehjelp, korte intervensjonar, behandling for ein allmenn pasientpopulasjon, samt rådgjeving og rettleiing til kommunane.
  • Viktige samarbeidspartar vil vere fastlege, legevakt og den kommunale psykiatritenesta. Den som blir tilsett vil vera med og utvikla tenestetilbodet.

Kvalifikasjonar

  • Psykologspesialist/psykolog med norsk autoriasjon i klinisk psykologi
  • Søkjar må kunne kommunisere godt både norsk skriftleg og munnleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B.

Utdanningsretning

  • Psykologi

Utdanningsnivå

  • Profesjonsstudium

Personlege eigenskapar

  • Strukturert
  • Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
  • Gode evner til å kommunisere, samarbeide og til å tenkje heilskapleg
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeidsvillig
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst

Språk

  • Norsk

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Vegleiing og deltaking på kurs som ledd i spesialistutdanning for psykologar som er under utdanning til å bli psykologspesialist
  • Løn etter gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Tor Christopher Fink, Seksjonsleiar DPS Dag, (+47) 995 45 570

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde