
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Prosjektplanlegger | Brødrene Aa | Fulltid |

Som planleggar vil du ha en sentral rolle på tvers av pågåande prosjekt i selskapet, med ansvar for å etablere og oppdatere prosjektplanar, samt planar på tvers av prosjekt. Planane vil vere eit sentralt styringsverktøy for konstruksjon, innkjøp og produksjon i verksemda. Du vil, saman med prosjektleiar, vere ansvarleg for rapportering av framdrift på det enkelt prosjekt og korleis dette påverkar andre prosjekt.
Vi søkjer fortrinnsvis deg som har erfaring som planlegger, og som kan vise til gode resultat. Du har pågangsmot, likar ei utfordring og er løysingsorientert. Stillinga krev høg grad av sjølvstende og du må evne å arbeide strukturert, systematisk og målretta. Samstundes krev stillinga gode samarbeidsevner i møte med dyktige fagfolk frå ulike disiplinar og miljø. Du er ein motor som blir driven av eit ynskje om å skape gode resultat.
Stillinga krev gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg (norsk og engelsk).
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Fortrinnsvis teknisk/eller økonomisk utdanning på Bachelornivå.
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Erfaring frå maritim bransje er ein fordel og/eller erfaring frå større prosjekt/operasjonar.
Relevant utdanning t.d. teknisk fagskole/Bachelorgrad. Erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
