Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Bergen | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.
Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.
Høgskulen på Vestlandet (HVL), Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering, har ledig fast stilling som prosjektleiar for IT-system Høgskulen på Vestlandet (HVL) søker etter ein erfaren prosjektleiar for å styrke evna vår til å gjennomføre store prosjekt. Den første store oppgåva blir UH Sak. UH Sak er universitets- og høgskolesektorens nye felles system for saksbehandling og dokumentasjonsforvaltning.
I tillegg til UH Sak, vil Universitets- og høgskulesektoren dei kommande åra utvikle og innføre fleire store fag- og administrasjonssystem.
HVL etablerer mottaksprosjekt for å ta i mot og ta i bruk UH Sak og andre større system innafor fag og administrasjon.
UH Sak vil ha integrasjonar mot ei rekke andre system, og involvere større delar av organisasjonen enn dagens meir tradisjonelle arkivsystem. Det er difor avgjerande med eit godt og breitt samarbeid på tvers i organisasjonen, og med andre organisasjonar.
Du vert sentral i dialogen mellom leverandørorganisasjon, sektororgan, HVL sitt digitaliseringsstyre og konkrete systemeigarar. Du må kunne forstå, ta del i utviklinga av og formidle informasjon mellom interessentane.
Du må kunne:
Prosjektet vil ha oppgåver knytt til:
I tillegg må desse aktivitetane koordinerast:
Formell utdanning og kompetanse:
Erfaring med dette er ein fordel:
Personlege eigenskapar:
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. Stillingskode 1364 - seniorrådgjevar kan vurderast ved særleg gode kvalifikasjonar.Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
Avdelingsleiar Wiggo Hustade-post: Wiggo.Hustad@hvl.no / tlf. 57 67 61 65
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les meir på våre heimesider.