Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Prosjektleiar | Sparebanken Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Fulltid |
Som prosjektleiar vil du vere leiar for større prosjekt i banken. Kvart år gjennomfører banken fleire større prosjekt, og du vil vere sentral i mange av desse. Dei større prosjekta er som regel tverrfaglege og kan involvere alt frå fem til 50 prosjektmedarbeidarar som bidreg i ulik grad i prosjektet. Du vil jobbe på tvers av dei fleste fagmiljøa i banken.
Prosjektleiar inngår i teamet prosjekt og leveransar. Teamet er eit viktig bindeledd mellom oss og SpareBank 1-alliansen og skal sikre at vi tek i bruk dei systema og løysingane alliansen leverer og realiserer ønska gevinstar. Dette arbeidet kan ikkje teamet gjere aleine. Dei er koordinator i banken og samarbeider tett med fagmiljøa som skal ta i bruk nye produkt, tenester, system og andre løysingar frå alliansen. Teamet er også ansvarleg for oppfølging av banken sine leverandørar, IKT-avtalar og etterleving av personvernforordninga.
Prosjektleiar rapporterer til teknologidirektør.
Dine arbeidsoppgåver
Dine kvalifikasjonar
Dine personlege eigenskapar
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Dersom dette høyrest interessant ut, eller du har spørsmål til stillinga, ta kontakt med fungerande teknologidirektør, Jill Aasen Hole, tlf: 905 26 642. Vi gler oss til å høyre frå deg!
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.