Prosjektingeniør Stryn kommune Bilde

Prosjektingeniør Stryn kommune

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stryn kommune Stryn Fulltid
Stryn kommune Logo

Stryn kommune

Stryn, Norge
6783 Stryn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Avdelingsleiar kommunalteknikk Sigurd Muldsvor
481 22 311

Søknadsfrist

2. januar 2024 Søk på stillinga her

Stryn kommune søker prosjektingeniør i 100% fast stilling. Stillinga ligg under avdeling for kommunalteknikk og inngår i etat for samfunnsutvikling. Avdelinga har funksjonane prosjekt, VA, park, grønt og veg.

Vi er på jakt etter ein sjølvstendig person med kjennskap til bygg- og anleggsbransjen, gjerne med kjennskap til prosjektering av veg/VA-anlegg.

Organisasjonen er i endring og det må forventast å ta andre prosjekt også, til dømes kommunale bygg.

Som prosjektingeniør i Stryn kommune er dagane varierte. Du syter for anskaffing og oppfølging av konsulentar og entreprenørar i store og små investeringsprosjekt og følgjer prosjekta frå idé til overlevering. Du vil inngå i eit team på tre prosjektingeniørar som saman med driftsingeniør og driftsavdelingane skal løyse mindre og større utfordringar.

Stryn kommune Kulturbilde