Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Programrådgivar (vikariat) | Norec | Sunnfjord | Fulltid |
Om Norec
Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec) er eit forvaltningsorgan underlagt Utanriksdepartementet. Vi er ein dynamisk arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarar. Norec held til i Førde, omgitt av fjell og fjordar på Vestlandet.
Norec gir tilskot til internasjonale samarbeid som jobbar for å nå berekraftsmåla til FN. Over 220 organisasjonar, institusjonar og bedrifter i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Noreg er ein del av det internasjonale nettverket vårt.
Les meir om Norec på www.norec.no
Har du lyst til å vere med å skape engasjement for internasjonale utviklingsspørsmål?
Er du ein god rettleiar og saksbehandlar som vil jobbe med å følge opp internasjonale utvekslingsprosjekt? Då kan det hende vi har stillinga for nettopp deg!
Vi har eit ledig vikariat frå snarast og ut januar 2026. Vi ser etter ein person som trivst med å rettleie og saksbehandle Norec sine tilskot til organisasjonar innan sivilsamfunn. Ei anna viktig arbeidsoppgåve blir å følge opp prosjekta Norec gir tilskot til, mellom anna gjennom prosjektbesøk i ulike delar av verda.
Prosjekta som får tilskot frå Norec blir gjennomført som partnarskap mellom aktørar innan sivilsamfunn, næringsliv og offentleg sektor i utvalde samarbeidsland verda over.
Norec har også tverrfaglege arbeidsgrupper internt der du som programrådgivar vil få ansvar og oppgåver ut frå kompetanse og faglege interesseområde.
For å lykkast i jobben som programrådgivar må du vere god på samarbeid og trivast med mangfald. Programrådgivarane våre kommuniserer med partnarskap over heile verda, og det er difor viktig at du har gode språkferdigheiter og formidlingsevner.
Kvalifikasjonar
Vi ser gjerne at du har internasjonal arbeidserfaring eller kunnskap om globale samarbeid, i tillegg til god interkulturell kompetanse.
Norec stiller krav til personleg integritet og evne til å vise respekt for andre. Vi legg vekt på at du er personleg eigna.
Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i Norec?
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er? Ta gjerne kontakt med programrådgivar Julia på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Spørsmål til sjølve stillinga rettast til seksjonsleiar.
Om deg
Vi tilbyr
Stillinga blir lønna etter statens lønnsregulativ som rådgivar (kode 1434) med lønn frå kroner 550.000 – 650.000. Lønnsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.
Les dette før du søker
Mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker Norec medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkar til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju. Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Du kan be om å bli unntatt den offentlege søkarlista. Dette må du i tilfelle grunngi. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje vert teke til følge.