Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om lag 2780 studentar og 140 tilsette.
Det er elleve bachelorprogram og fire masterprogram ved fakultetet. FØS har eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN). FØS er også vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har det faglege og administrative ansvaret for programmet.
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig ei fast stilling som professor i organisasjon, leiing og innovasjon ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap
Om stillinga:
Stillinga er knytt til Institutt for samfunnsvitskap. Stillinga er ledig for tilsetjing i 100 % stilling frå 1. august 2023. Arbeidsstad: Sogndal.
Stillinga inngår i høgskulen sitt fagmiljø i organisasjon, leiing og innovasjon og er knytt til instituttet sitt masterstudium i organisasjon og leiing som går på fleire campus. Studiet har to retningar: 1) helse- og velferdsleiing og 2) utdanningsleiing.
Fagmiljøet ved studiet har brei kompetanse i organisasjons- og leiingsfag, statsvitskap og helse- og velferdstenester. Fagmiljøet deltek òg i det tverrfakultære doktorgradsprogrammet «Ansvarleg innovasjon og regional utvikling» (Responsible Innovation and Regional Development - RESINNREG). FØS er vertsfakultetet for dette PhD-programmet, med fagleg og administrativt ansvar. Instituttet jobbar også med å utvikle ein master i samfunnsanalyse.
Forskinga i fagmiljøet er knytt til innovasjon og leiing i offentleg sektor, styring, kontroll og tilsyn, kvalitetsforbetring, brukarmedverknad, samstyring og digitalisering. Andre forskingsområde med relevans for studiet er også interessante, t.d. forsking på frivillig og privat sektor.
Det er forventa at den som blir tilsett bidreg med forsking retta mot fakultetet sitt forskingsprogram «Maritim sikkerheit – Marsafe» og dei fem strategiske forskingsgruppene: Innovasjon og styring i offentleg sektor; Samfunnsendring, mobilitet, ungdom, kultur og kunnskap; Berekraft og grøn innovasjon, By- og regionaløkonomi; Marknadsføring, turisme og innovasjon, som alle inngår i PhD-programmet «Ansvarleg innovasjon og regional utvikling» (sjå https://www.hvl.no/om/organisering/fos/forskarprogram-ved-fos/)
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger
Formell utdanning og kompetanse:
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kriterier for utdanningsfaglig basiskompetanse ved ansettelse og opprykk i førsteamanuensis- og professorstilling
Ønska kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som initiativ, kommunikasjon, evne til omstilling og ei inkluderande haldning. Særleg vil evne til å motivere og inspirere studentar samt evne til tverrfagleg samarbeid vege tungt. Vi ønskjer fleksible og løysingsorienterte tilsette med stort fagleg engasjement, ei genuin interesse for fagområdet og for fagleg utvikling, og med ei positiv innstilling til samarbeid med både studentar og tilsette.
Hvordan søke på stillingen?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar i tillegg til originalspråket. Om volumet av vedlegga til saman er større enn 50 MB, må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utenlandsk utdanning må i tillegg legge ved NOKUT si generelle vurdering om at utdanninga (phd.) samsvarar med ein norsk doktorgrad. Sjå www.nokut.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå NOKUT kan ta tid og at søknaden bør sendast så tidleg som mogleg når du veit du vil søkje stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå NOKUT om at dei har mottatt søknaden din.
Opphalds- og arbeidsløyve i Norge er eit vilkår for å tiltre stillinga.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1013 - Professor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
Instituttleiar Tone Merete Brekke
e-post: tone.brekke@hvl.no / tlf. +47 52 70 27 41
Inkludere - utfordre - samhandle
Dette er våre verdiar:
Vi møter alle med respekt og omtanke. Ved å inkludere verdset vi mangfald og fremjar fagleg utvikling, tryggleik og trivsel.
Vi utfordrar etablerte tankesett og arbeidsmåtar. Ved å utfordre fremjar vi danning, kritisk tenking og handlekraft.
Vi utviklar og deler kunnskap og erfaring gjennom samspel internt og med omgjevnadene våre. Ved å samhandle fremjar vi kreativitet, læring, nyskaping og fagleg relevans.
Les mer på våre heimesider.