Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Høgskulen på Vestlandet | Sogndal | Fulltid |
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskolane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 17 000 studentar fordelt på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærerutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS) har tre institutt: Institutt for økonomi og administrasjon, Institutt for maritime studiar og Institutt for samfunnsvitskap. Fakultetet har om 2700 studentar og 140 tilsette.
Det er 11 bachelorprogram og 4 masterprogram ved fakultetet. FØS er vertsfakultet for doktorgradsprogrammet Ansvarlig innovasjon og regional utvikling (RESINNREG) som går på tvers av fleire fakultet i HVL. FØS har også eit doktorgradsprogram i nautiske operasjonar som er ein fellesgrad med Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU), Norges arktiske universitet (UiT) og Universitetet i Sør Øst-Norge (USN).
Institutt for økonomi og administrasjon ved HVL har om lag 1500 studentar og 100 tilsette. Instituttet er fordelt på tre campus: Bergen, Haugesund og Sogndal. Instituttet har seks bachelorprogram og to masterprogram.
Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, har ledig ei fast stilling som professor i leiing med vekt på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter
Stillinga som professor i leiing med vekt på leiing og utvikling av små og mellomstore bedrifter er knytt til Institutt for økonomi og administrasjon ved Campus Sogndal (IØA-Sogndal)
Vi ønskjer å rekruttere ein professor som har ambisjon, interesse og evne til å arbeide med vidareutvikling av den faglege profilen ved IØA-Sogndal og som kan bidra til utvikling av tverrfaglege prosjekt og publisering i eit fagmiljø som består av marknadsføring, strategi, organisasjon, bedriftsøkonomi og samfunnsøkonomi. Vår nye professor skal bidra til at vi i enno større grad bidreg til regional utvikling gjennom å forske på og bidra til kunnskapsutvikling i regionen.
Ansvars- og arbeidsområde:
Til stillinga ligg det forsking, undervisning og rettleiing av studentar ved dei økonomisk-administrative utdanningane ved instituttet. Undervisning ved andre utdanningar vil også kunne inngå. Til stillinga vil det også liggja oppgåver knytt til rettleiing av fagtilsette i kompetanseløp. Undervisning og rettleiing knytt til doktorgradsprogrammet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling (RESINREG) ved fakultetet kan også inngå i stillinga. Søkjaren skal skissere aktuelle forskingsinteresser i søknaden.
I høve til forsking vil følgjande oppgåver ligge til stillinga:
Formell utdanning og kompetanse:
Kriteria for tilsetting i undervisnings- og forskarstilling går fram av Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger.
Professorstillinga krev samarbeid med andre forskarar ved instituttet og ved samarbeidande miljø. Kompetanse i forhold til samarbeid og kommunikasjon med personar frå andre fagområdet blir vektlagt. Det vil vidare bli lagt vekt på erfaring med å initiere og gjennomføre forskingsprosjekt.
Følgjande kvalifikasjonar og aktivitetar dei seinare åra vil bli vurdert:
I vurderinga av kvalifiserte søkjarar blir det lagt vekt på formell kompetanse, dokumentert forskings- og formidlingsinnsats innan relevante fagområde og utdanningsfagleg kompetanse. Den som vert tilsett må vere personleg eigna for stillinga.
Hvordan søke på stillingen? Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 25 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje. Den totale mengda av vedlegg kan ikkje overstiga 50 MB.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Personlege eigenskapar:
Vi tilbyr:
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktpersonar ved Høgskulen på Vestlandet:
Instituttleiar Tone Merete Brekke tone.brekke@hvl.no / +47 909 97 353
Førstelektor Leif LongvanesLeif.Longvanes@hvl.no / +47 57 67 63 24
Høgskulen på Vestlandet
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Les mer på våre hjemmesider.