Om stillinga
For å nå ambisiøse klimamål og omstilling til ein sirkulær økonomi, står avfallsbransjen ovanfor store endringar. Vi søker deg som kan bidra til at SUM tar dette steget.
I rollen som produksjonsleiar får du ansvaret for den operative drifta i konsernet. Du vil få direkte påverking på den praktiske implementeringa av det grøne skifte. I tillegg vil du bli en sentral bidragsytar i arbeidet med verksemdas strategi og du får store moglegheiter til å sette ditt preg på organisasjonen som en del av konsernets leiing.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for operativ drift av renovasjon, miljøstasjonar og drift av hovudanlegget
- Leie og vidareutvikle avdelinga og tilsette etter gjeldande strategi og mål
- Sikre miljøriktig og kostnadseffektivt mottak, behandling og vidareforsending av avfall
- Optimalisere interne prosesser for å sikre ønsket kvalitet på avfallstyper
- Ansvarleg for avdelinga sine anskaffingar, derunder nedstraumsavtalar
Kvalifikasjonskrav
- Relevant utdanning på master-/hovudfagsnivå.
- Erfaring frå liknande leiarstilling.
- Kjennskap og operativ erfaring frå leiing og drift av industriverksemder
- Erfaring frå systematisk forbetringsarbeid, systematisering og optimalisering av produksjon
- Kompetanse om HMSK
Vi tilbyr
- Trygg jobb i ein trygg bransje og ein arbeidsplass i vekst
- Konkurransedyktige vilkår og KLP pensjon
- Fleksible arbeidstidsordningar etter avtale med kollegaer
- Kompetanseheving: Deltaking på kurs og konferansar, nettverk og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap
- Varierte oppgåver og moglegheit til å jobbe innanfor ulike fagfelt