Produksjonsleiar Loen Bilde

Bli vår nye produksjonsleiar i vakre Loen!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Produksjonsleiar Loen Førde Sementvare AS Fulltid
Førde Sementvare AS Logo

Førde Sementvare AS

Sandbrekka 13
6813 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Erik Solheim
91739262

Søknadsfrist

8. mars 2026 Søk på stillinga her

Likar du produksjon, ansvar, folk og god flyt?

Som ein av dei leiande produsentane og leverandørane av betongelement i Vestland har vi god oppdragsmengd og søkjer no ein dyktig person til å leie produksjonen vår av betongelement i Loen. Leveransane våre går hovudsakleg til bygg- og anleggssektoren, med prosjekt i store delar av Noreg.

Har du erfaring eller interesse for produksjonsstyring og leiing, bør du sjå nærare på denne moglegheita! Her har du sjansen til ei nøkkelrolle blant dyktige kollega.

Dette får du hjå oss

  • Ei sentral rolle i ein produksjon med høg aktivitet
  • Eit fagleg sterkt miljø innan betongkonstruksjonar
  • Ei stilling med ansvar og reell påverknad
  • Varierte arbeidsoppgåver med gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Eit tett samarbeid mellom produksjon og administrasjon
  • Løns- og pensjonsordningar som er konkurransedyktige
  • Jobbe med betong og produksjon i varmen – sjølv på kalde dagar!
  • Kontorstad i Loen – i verdas finaste omgjevnad

Dette er din rolle

  • Planleggje, leie og leggje til rette for effektiv produksjon
  • Vere ein synleg og tilgjengeleg formann i hallen
  • Bidra til kontinuerleg effektivisering av produksjonsprosessar
  • Sikre kvalitet – og jobbe aktivt med forbetringar og avvik
  • Følgje opp HMS og kvalitetssystem (KS) i praksis
  • Fagansvar for lærlingar

Kven er du?

  • Fagarbeidar i betong, helst med erfaring som bas/formann
  • God teknisk og praktisk forståing
  • Strukturert og god på planlegging
  • Gode leiareigenskapar og ein lagbyggar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, samt munnleg engelsk
  • Utviklingsorientert, og bevisst på løysingar som gir verdi og lønsemd

Relevant erfaring kan kompensere for fagbrev i betongfaget/formell utdanning.

Håpar DU vil vere med oss på laget i ei nøkkelrolle!

Har du spørsmål om stillinga, sjå www.fsement.no eller ta kontakt med:
Karin Kleppe, plassansvarleg Loen – tlf. 93 85 60 25
Erik Solheim, dagleg leiar – tlf. 91 73 92 62

Førde Sementvare AS Kulturbilde