Norges vassdrags- og energidirektorat Hovedbilde

Grøn sikring mot flaum og skred – viktig arbeid for klimatilpassing

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Planleggar/prosjektleiar Norges vassdrags- og energidirektorat Sunnfjord Fulltid
Norges vassdrags- og energidirektorat Logo

Norges vassdrags- og energidirektorat

Postboks 5091, Majorstuen
0301 Oslo
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Jan Bakke Flore
97738949

Søknadsfrist

28. august 2022 Søk på stillinga her

Om stillinga

NVE har eit viktig samfunnsoppdrag med å betre samfunnets evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Vi søker deg som vil bidra til å auke sikkerheita for folk som bor flaum- og skredutsett til, samtidig som vi tek i vare miljøverdiar og klimaendringar med ein tilpassing frå grå til grøn ingeniørkunst. Vårt regionkontor i Førde utlyser nå to stillingar som planleggar/prosjektleiar. I stillinga vil du inngå som ein del av den regionale eininga som gjennomfører sikringstiltak mot flaum og skred, rettleiar om tiltak i vassdrag og skredutsette områder samt handterer beredskapssituasjonar.

NVE region vest omfattar Vestland- og Møre & Romsdal fylke. Dette er eit område som har store utfordringar med flaum og erosjon i vassdrag, utfordringar med alle ulike typar skred i bratt terreng, samt utfordringar med store ustabile fjellparti. Vi utfører og skal planlegge og utføre mange sikringstiltak i tett samarbeid med kommunane i tida framover. Ved flaum- og skredhendingar er vi fagleg rådgivarar for politiet og kommunane.

Region vest har kontor i Førde, der vi er 37 tilsette i eit bredt, tverrfagleg miljø. Du vil komme til eit entusiastisk og inkluderande arbeidsmiljø, der vi løyser viktige samfunnsoppgåver i fellesskap. Her vil du få vere med å påverke utviklinga innan faget, og du vil samarbeide med alle viktige aktørar innan naturfare i Noreg.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegging og prosjektering av flaum-, erosjons- og skredsikringstiltak med ein god miljømessig tilpassing.
  • Prosjektleiing av komplekse sikringstiltak, der flaum-, erosjon-, skred- og miljøfaglege utfordringar forenes i best moglege løysingar.
  • Deltaking i NVE sitt beredskapsarbeid på flaum- og skredområdet, inkludert innsats i beredskap situasjonar.
  • Rettleiing om tiltak i vassdrag og skredutsette områder og delta på synfaringar.
  • Ha dialog med grunneigarar, tiltakshavar, kommunar, rådgivarar og entreprenørar, samt kunne delta på folkemøte og informasjonsmøte.
  • Bidra til fagleg utvikling på området og rettleiing av eksterne aktørar.
  • Sakshandsaming
  • Det må påreknast ein del reiseaktivitet, 20-40 reisedøgn i året

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på masternivå frå universitet/høgskule. Svært relevant erfaring kan kompensere for deler av utdanningskravet.
  • God skriftleg og munnleg kommunikasjon på norsk
  • Fysikk til å kunne ferdes i terrenget
  • Førarkort klasse B (eller avlegge førarprøve innan eit år etter tilsetting)

    Ønskelege kvalifikasjonar
  • Erfaring med planlegging og prosjektering, helst av sikringstiltak innan flaum, erosjon og/eller skred
  • Vassdragsteknikk/hydraulikk og/eller geoteknikk og/eller anleggsteknikk og/eller miljøretta ingeniørfag som viktig fagområde
  • Erfaring frå prosjektleiing
  • Erfaring frå arbeid med vassdrag og/eller skred
  • Erfaring frå beredskapsarbeid
  • Kunnskap om vassdragsforvaltning, byggherreforskrifta og plan- og bygningslova
  • Erfaring med anbodsprosessar og kunnskap om regelverket for offentlege anskaffelser
  • Gode IKT-ferdigheiter og erfaringar med relevante digitale verktøy
  • Evne til å utvikle seg sjølv fagleg

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg engasjert, ser moglegheiter og tek initiativ
  • Du trivest med ein kombinasjon av arbeid ute i felt og på kontor
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og løysningsorientert
  • Du liker å samarbeide i team, er sosialt omgjengeleg
  • Du kan kommunisere fag til ikkje-fagfolk
  • Du er fleksibel og innstilt på å yte ekstra om det er naudsynt
  • Det vert lagt betydelig vekt på at søkjaren er personleg eigna for stillinga.

Vi tilbyr

  • Eit sterkt fagmiljø på flaum- og skredområdet der du kan vidareutvikle deg fagleg og personleg samen med trivelege og engasjerte kollegar
  • Innflytelse på eit samfunnsområde og eit fagområde som vert stadig viktigare
  • Ein variert arbeidskvardag med stor fleksibilitet og korte slutningsvegar
  • Stor kontaktflate, både internt og eksternt
  • Trivelege kontorlokale sentralt i Førde
  • Livsfaseorientert personalpolitikk
  • Trening i arbeidstida
  • Medlemskap i Statens Pensjonskasse som blant anna gjer gode tilbod på lån
  • Årslønn innanfor spennet kr. 500 000 – 800 000,- pr år i stillingskode avdelingsingeniør/ overingeniør/senioringeniør eller førstekonsulent/rådgjevar/seniorrådgjevar (1085/1087/1181 ev. 1408/1434/1364). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Endeleg lønnsplassering avhenger av kvalifikasjonar. Frå lønna trekkast pensjonsinnskott etter gjeldande reglar.

Me veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksla mellom å jobba heimanfrå og møtast på kontoret. Det legg me til rette for. Hos oss kan ein inngå avtale om delvis heimearbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lèt seg gjera i samsvar med NVEs gjeldande retningslinjer.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.

Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar blir lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.

Viss du ønskjer å bli sett bort frå frå den offentlege søkjarlista, må du grunngi dette. Vi varslar deg viss vi ikkje tek ønsket ditt tilfølge. Du vil då få moglegheita til å trekkja søknaden før offentleggjering.

Norges vassdrags- og energidirektorat Kulturbilde