Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Pedagogisk leiar i Aurland kommune - rekrutteringstilskot kr 100 000 | Aurland kommune | Aurland | Fulltid |
Me har ledig
to faste 100% stillingar som pedagogisk leiar frå 01.08.2023, i Flåm barnehage og Aurland barnehage. Begge stillingane er i kommunalområde oppvekst.
Flåm barnehage ligg fint til inst i Aurlandsfjorden på Lunden i Flåm. Her har me gode moglegheiter til å bruke naturen kring oss. Det er to avdelingar med ni tilsette og 27 barn.
Aurland barnehage sto ferdigstilt mars 2022, og er ein funksjonell og moderne barnehage. Barnehagen ligg fint til med nær bibliotek, fleirbrukshall og fine turområde. Det er fire avdelingar med 16 tilsette og 51 barn. Begge barnehagane har nyleg gjennomgått ei medarbeidarundersøking, og fekk veldig gode resultat.
Rekrutteringstiltak
Aurland kommune skal stimulere til rekruttering av barnehagelærarar ved å yte rekrutteringstilskot. Tilskotet er på kr 50 000,- per år i to år frå tilsettingsdatoen. Rekrutteringstilskotet vert ytt som ein eingongssum på kr 100 000,- i etterkant av dei to første åra som tilsett. Rekrutteringstilskotet er tidsavgrensa i perioden 2022-2026 og gjeld for stillingar der det blir stilt krav om minimum bachelorgrad som barnehagelærar.
Ansvar i stillinga
Pedagogisk leiar er ein del av leiinga i barnehagen og rapporterer til tenesteleiar, og er nærmaste leiar for personalet på avdelinga. I tillegg har pedagogisk leiar ansvar for dagleg drift og planlegging av aktivitetar i tråd med lover, forskrifter, rammeplan og årsplan. Pedagogisk leiar har eit medansvar for endrings- og utviklingsarbeid i barnehagen.
Kvalifikasjonar
-godkjend førskulelærar / barnehagelærarutdanning
-anna treårig pedagogisk høgskuleutdanning med småbarnspedagogikk
Personlege eigenskapar
-arbeide sjølvstendig
-vere løysingsorientert
-bidra aktivt til eit godt arbeidsmiljø
-vere fleksibel og endringsvillig
-evne til å rettleie
Me tilbyr
- eit triveleg arbeidsmiljø
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen
- gratis inngang til symjehallen etter kl. 20.00
- hjelp til å skaffe jobb til partner ved flytting til Aurland
- hjelp til å skaffe bustad
- moglegheiter for fagleg utvikling
- god tenestepensjonsordning
Løns- og tilsetjingsvilkår
Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Krav til språkkunnskapar
Den som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.