Parkeringsvakt Grotlesanden

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Bremanger kommune Bremanger Sommerjobb

Bremanger kultur og fritid søkjer etter parkeringsvakter ved Grotlesanden for sommaren 2024. Frå 22. juni - 18. august.

Vi søkjer etter 6 parkeringsvakter.

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vert å ta i mot betaling frå besøkjande, vise dei til rette og rydde boss i området ved sanitærbygg, ettersjå at toaletta er presentable og halde det ryddig på parkeringsplassane. Ein skal og syte for opplåsing av sanitærbygget på føremiddag. Det skal førast timelister for arbeidet. Det kan bli aktuelt med vakter helga før skulestart og helgene etter skulestart, dette kjem vi attende til. Opplæring vil bli gjeven.

Spørsmål kan rettast til driftssjef for kultur og fritid Norvall Klungresæter på telefon 91658547.