Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Ortopediingeniør | Ortopediteknikk AS Førde | Sunnfjord | Fulltid |
I snart 45 år har Ortopediteknikk vore ein pioner og leiar innan ortopediteknikk. Vi jobbar kontinuerleg for at pasientar med behov for ortopediske hjelpemiddel skal oppnå fridom og rørsle.
Er du ein inkluderande ortopediingeniør som er opptatt av kvalitet og ønsker å gjere ein forskjell? Vi ser etter deg som er allsidig og tilbyr dei beste ortopeditekniske løysingane for pasientane våre. Saman skapar vi gode resultat for pasientane våre og stoltheit blant våre tilsette.
Førde er ein by i vekst mellom fjord og fjell, med eit innovativt næringsliv, rikt kulturliv og vilt friluftsliv. Her finn du alt du ønsker deg rett utanfor døra! Opplev urbane tilbod som restaurantar, kjøpesenter, klatresenter, kaféliv, teater og konsertar. Eller topptur, ski og fiske. Vi har flyplass og eit godt utbygd bussrutenett, og Bergen ligg berre tre timar unna med bil. I Førde får du ein enkel kvardagslogistikk med korte avstandar til det meste.
Hos oss er fellesskapet og eit godt arbeidsmiljø alltid i fokus. Vi respekterer forankra verdiar, samtidig som vi er opne for det som er nytt og er ein aktiv pådrivar for utvikling av faget og våre tilsette. God kommunikasjon er viktig, og vi viser respekt for både pasientar, rekvirentar, oppdragsgivarar og andre ortopeditekniske verksemder.
Du vil oppleve ein variert arbeidsdag der du får vere kreativ og får fridom til å løyse arbeidsoppgåvene på din måte. Vi jobbar i i tverrfaglege team i samarbeid med kollegaer med ulik bakgrunn, der ulikskap er ein styrke. Med individuell kompetanse i sterke team utviklar vi faget vårt i takt med teknologien som er tilgjengeleg.
Ortopediteknikk er eit norsk selskap, og vi gjer mest mogeleg produksjon og verdiskaping i eige hus.Fordi vårt omdømme er viktig, går vi ikkje på akkord med etikk og regelverk. Ortopediske hjelpemiddel handlar om å gi mogelegheit til røyrsle for alle. Det handlar om å møte mennske, og forstå kva ynskjer og draumar som lev bak utfordringane.
Ortopediteknikk AS har sidan 1980 utvikla seg til ein av Norge sine største ortopediteknikse verksemder. Nær 170 kollegaer leverer tilpassa hjelpemiddel til over 30.000 brukarar årleg.
Vi høyrer gjerne frå deg! Har du spørsmål om stillinga, kontakt:
Avdelingsleiar Linn Marie Leknes på telefon: 958 81 731.
Søknad sender du til: rekruttering@ortopediteknikk.no
Vi intervjuer fortløpande.