Operational Service Manager (OSM) Bilde

Drøymer du om å vere ein del av eit fellesskap som strekkjer seg over landegrenser?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Operational Service Manager (OSM) UWC Røde Kors Nordisk Fjaler Fulltid
UWC Røde Kors Nordisk Logo

UWC Røde Kors Nordisk

Hauglandsvegen 304, 6968 Flekke, Norge
6968 Flekke
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Leif-Arne Skaar
+47 913 35 723

Søknadsfrist

31. mai 2024 Søk på stillinga her

Bidra til å skape trygghet og stabilitet i eit mangfaldig felleskap

Som Operational Service Manager ved United World College Røde Kors Nordisk (UWC RCN), vil du ha ei unik moglegheit til å leie og inspirere våre dyktige team på kjøkken, reinhald og vedlikehald. Saman skal du sikre at heile vårt mangfaldige fellesskap får den beste maten og gode fasilitetar der dei jobbar eller bur.

UWC RCN er ein skule som er ein del av eit global utdanningmiljø. Vi trur på å foreine menneske, nasjonar og kulturar for fred og ei berekraftig framtid. Frå campus ved den idylliske Flekkefjorden i Fjaler, Vestland, jobbar vi saman for å støtte utdanninga til både elevar og besøkande.

Er dette deg?

Vi leitar etter deg som deler våre verdiar og prinsipp, og som kan inspirere vårt team til å levere tenester som gjer at elevar og tilsette smiler til deg når du går forbi. Fordi du er ein av dei grunnleggande nøklane for at eit slikt samfunn fungerer. Du bør ha relevant erfaring og utdanning, men viktigast av alt er di forplikting til å gjere ein positiv forskjell. Erfaring frå servicebransjen, utdanningssektoren eller bærekraftarbeid vil vere ein fordel, men ikkje avgjerande.

Ved å bli ein del av UWC RCN-familien får du moglegheit til å bidra til ei betre framtid, samtidig som du får utvikle deg sjølv og dine ferdigheiter. Du blir ein del av eit fellesskap som trur på fred, berekraft og samarbeid.

Viss du kjenner at denne stillinga snakkar til deg, og du er klar for ei ny utfordring, vil vi gjerne høyre frå deg.