Økonomiansvarleg Bilde

Er du innovativ tallknusar med sans for utvikling? Då er dette den perfekte jobben for deg!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Økonomiansvarleg Førde Sementvare AS Stryn, Sunnfjord Fulltid
Førde Sementvare AS Logo

Førde Sementvare AS

Sandbrekka 13
6813 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Lasse Opseth
90863476

Søknadsfrist

31. desember 2023 Søk på stillinga her

Gjennom jobben vil du bli ein del av eit selskap som er leiande produsent og leverandør av betongvarer. Du vil bli ein del av ei 93 år gamal historie, i eit solid familieeigd industriselskap og ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord som tar sats inn i framtida.

Rett kollega har utdanning innan økonomi, revisjon og rekneskap gjerne med autorisasjon.

3- års erfaring er ein fordel, men kan kompenserast med rett bakgrunnen.

Du ynskjer å jobbe i ei bedrift der din innsats kan gjere ein forskjell. Du likar å finne ut av problemstillingar og vere ein god samarbeidspartnar.

Vanlege arbeidsoppgåver

*Rapportering, budsjettering og likviditetsstyring

*Oppfølging og kontroll av prosjektrekneskap

*Effektivisering og digitalisering av rutinar og prosessar

*Årsrekneskap og avslutning

*Lønnsarbeid og bokføring


Stillinga vil gje deg

*Hovudansvar for økonomiavdeling

*Plass i leiargruppa

*Mogelegheit for kompetanseheving og personleg utvikling

*Påverke arbeidet med vidareutvikling av bedrifta


Ynskjer du arbeidsplass midt i landets vakraste natur med mogelegheit for eldorado av friluftsaktivitetar, er dette plassen for deg.

Arbeidsstad ved vår avdeling i Førde eller Loen.


Vi håpar denne treff deg, og at du er den som ynskjer å bli ein del av laget!

Er du usikker på om det er deg eller du har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt med oss og vår daglege leiar Lasse Opseth, på mobil 90863476.

Søknad sendast til lo@fsement.no

Kast deg rundt, og søk innan 30. desember 2023

Førde Sementvare AS Kulturbilde