NRK Nynorsk mediesenter Hovedbilde

No har du sjansen - bli nynorskpraktikant i NRK!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Nynorskpraktikant i NRK NRK Nynorsk mediesenter Sunnfjord Trainee
NRK Nynorsk mediesenter Logo

NRK Nynorsk mediesenter

Storehagen 10
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Rune Fossum Lillesvangstu
+4791874111

Søknadsfrist

15. oktober 2022 Søk på stillinga her

Du søker direkte til NRK Nynorsk mediesenter på denne traineestillinga.

Søk traineestilling

Om stillinga

Har du lyst til å prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her har du sjansen, og du får lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer!

Vi ser etter samfunnsengasjerte ungdommar som brukar nynorsk. Du kan søkje uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Norge, Trøndelag, Sørlandet eller Innlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn ikkje alle andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.

Arbeidsoppgåver

Ved NRK Nynorsk mediesenter får du opplæring og praksis i journalistikk på nett, TV, radio og sosiale medium. Opplæringa er svært praktisk og går føre seg etter lære-med-å-gjere-det-metoden.

Som praktikant lagar du saker for nett, radio, fjernsyn og sosiale medium i den daglege produksjonen i redaksjonen. Du lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og å arbeide under tidspress. Alle praktikantane får tett oppfølging frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland og andre NRK-redaksjonar.

Praktikantane må lære dei arbeidsverktøya NRK brukar. Mediespråket er nynorsk.

Kvalifikasjonskrav

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist. Vi tek inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi leitar fyrst og fremst etter talenta.

Vi ønskjer søknader som fortel noko om deg og kvifor du søkjer. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden. Det er på grunnlag av dei vi kallar inn til intervju, språk- og studiotest. Det er ønskjeleg at praktikantane har førarkort.

Om deg

  • Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet.
  • Du må ha stå-på-vilje, like utfordringar og høgt tempo, og ha evne til å samarbeide og dele kunnskap med andre.
  • Eit levande og godt språk, og evne til å fortelje, er viktig for å bli ein god journalist.

Vi tilbyr

  • Seks månader opplæring og praksis i NRK med løn.
  • Opplæring i journalistikk, med nynorsk som mediespråk, på nett, radio, fjernsyn og sosiale medium.
  • Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.
  • Prioritet til stillingar i NRK du er fullt ut kvalifisert for i tre år etter avslutta opplæring. I den perioden er du rekna som intern søkjar i NRK, men det er ingen garanti om arbeid etter ferdig praksis.