Nynorskpraktikant i NRK Bilde

Prøv deg som nynorskpraktikant i NRK!

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Nynorskpraktikant i NRK NRK Nynorsk mediesenter Sunnfjord, Fulltid

Vil du prøve deg som journalist og bruke nynorsk i NRK? Her får du lære alt du treng for å komme i gang med journalistikk på alle plattformer!

To gongar i året tar NRK Nynorsk mediesenter inn fem talentfulle nynorskpraktikantar, som får opplæring og praksis i journalistikk på alle plattformer. Praktikantperioden er på seks månadar, der dei fire første månadane er i Førde og dei to siste i ein annan redaksjon i NRK.

NRK treng nynorskbrukarar frå heile landet. Du treng ikkje utdanning eller erfaring med journalistikk for å vere med, og du får praktikantløn i heile perioden.

Vi ser etter deg som er nynorskbrukar, samfunnsengasjert og har talent for journalistikk!

Arbeidsoppgåver

Ved NRK Nynorsk mediesenter i Førde får du opplæring og praksis i nyhendejournalistikk på nett, TV og radio.

Opplæringa er svært praktisk og går føre seg etter lære-med-å-gjere-det-metoden.

Som praktikant lagar du saker for nett, radio og TV i den daglege nyhendeproduksjonen i redaksjonen. Du lærer kva som er ei sak, å ta sjølvstendige val og å arbeide under tidspress. Alle praktikantane får tett oppfølging frå faglærarar og kollegaer i NRK Vestland og andre NRK-redaksjonar.

Vi gir opplæring i NRK sine arbeidsverktøy. Mediespråket er nynorsk.

Det 41. kullet med praktikantar byrjar 19. august 2024 og er ferdig 28. februar 2025. Det er fem plassar på kullet.

Kvalifikasjonar

For å bli nynorskpraktikant må du vere nynorskbrukar og ha lyst til å bli journalist.

Vi tar inn folk med ulike bakgrunnar og utdanningar, men det er eit minstekrav at du har fullført vidaregåande skule. Vi ser først og fremst etter talenta.

Vi ønsker at du skriv ein søknad som fortel noko om deg og kvifor du søker. Det er viktig å legge attestar og vitnemål ved søknaden.

Du har digital kompetanse eller talent for journalistikk på digitale plattformer.

Det er ønskeleg at du har førarkort.

NRK treng nynorskpraktikantar i ulike redaksjonar, både på Marienlyst i Oslo og i riks- og distriktsredaksjonane rundt omkring i landet. Det er derfor fint om du skriv litt om kvar du kan tenke deg praksis i søknaden.

Les meir om alle distriktskontora våre her: https://www.nrk.no/informasjon/nrk-sine-distriktskontor-1.6631072.

Personlege eigenskapar

Vi leitar etter engasjerte og godt orienterte folk, også med fleirkulturell bakgrunn og frå ulike stadar i landet.

  • Du må vere interessert i det som skjer i samfunnet og følgje med på nyhende.

  • Du må ha stå-på-vilje og like utfordringar og høgt tempo.

  • Du har handlekraft og god gjennomføringsevne.

  • Du har eit levande og godt språk, med evne til å fortelje.

  • Du likar å samarbeide og dele kunnskap med andre.

Vi tilbyr

  • Unik opplæring og praksis i journalistikk med nynorsk som språk for nett, radio og TV.

  • Løn som praktikant i heile perioden.

  • Aktive NRK-journalistar som lærarar og spennande gjesteførelesarar.

  • Ingen garanti for arbeid etterpå, men gode moglegheiter for vidare engasjement i NRK.

  • Etter avslutta opplæring blir du rekna som intern søkar i NRK i tre år. Ved tilsettingar skal du ha prioritet til stillingar du er fullt ut kvalifisert for.

  • Du får jobbe i eit framoverretta journalistmiljø i det moderne Nynorskhuset i Førde.

  • Praktikantmiljø i lag med nynorskpraktikantane ved Nynorsk avissenter. Dei har ei tilsvarande opplæring for avis og nett i Førde og lyser etter eit nytt kull med same søknadsfrist som oss.

Til no har vi lært opp 200 nynorskpraktikantar. Om lag 60 prosent av dei jobbar i media, og om lag 40 prosent er no tilsette i NRK. Vi har og tidlegare praktikantar i TV 2, VG og ei rekke ulike riks- og lokalaviser rundt omkring i landet.

Du kan søke uansett kor du kjem frå, men er du frå Nord-Noreg, Trøndelag, Sørlandet eller Austlandet, er du særleg velkommen i søknadsbunken. Det skadar heller ikkje om du har ei utdanning eller ein yrkesbakgrunn få andre journalistar har, for all erfaring og kompetanse kan komme til nytte i journalistikken.

Vi les søknadar fortløpande og kallar inn til intervju kort tid etter søknadsfristen.