
| Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|---|
| Programrådgivar | Norec | Sunnfjord | Fulltid |

Er du ein god rettleiar og saksbehandlar som vil jobbe med å følge opp internasjonale utvekslingsprosjekt? Då kan dette vere jobben for deg.
Vi har ledig éi fast stilling og eventuelt vikariat. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og sakshandsame Norec sine tilskot til verksemder og organisasjonar i både privat og offentleg sektor.
Ei viktig arbeidsoppgåve er å følge opp prosjekta som får tilskot frå Norec. Dette skjer mellom anna gjennom prosjektbesøk i ulike delar av verda.
Prosjekta som får tilskot frå Norec blir gjennomførte i samarbeid mellom to eller fleire aktørar innan sivilsamfunn, næringsliv og offentleg sektor i utvalde samarbeidsland verda over.
Norec har også tverrfaglege arbeidsgrupper internt. Som programrådgivar er det moglegheiter for å få ansvar og oppgåver ut frå kompetansen din og faglege interesseområde.
For å lykkast i jobben som programrådgivar, må du vere god til å samarbeide og trivast med mangfald. Programrådgivarane våre kommuniserer med partnarskap over heile verda. Det er difor viktig at du har gode språkferdigheiter og formidlingsevner.
Vi legg til rette for at du kan arbeide mindre enn 100 %, men 80-100 % er ønskeleg.
Lurer du på korleis ein typisk arbeidsdag i Norec ser ut? Eller lurer du på korleis arbeidsmiljøet vårt er?
Kontakt gjerne programrådgivar Julia på e-post, og spør om det du vil vite meir om.
Har du spørsmål til sjølve stillinga, kan du ta kontakt med seksjonsleiar. Kontaktinformasjon finn du nedst i annonsen.
Vi ser gjerne at du har internasjonal arbeidserfaring, bistandskompetanse eller kunnskap om globale samarbeid. I tillegg må du ha god interkulturell forståing.
Vi ser for oss at du
Norec er ein verdibasert arbeidsplass, og vi legg vekt på personlege eigenskapar og evne til å vise respekt for andre.
Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens pensjonskasse.
Stillingane blir lønna etter avtale innanfor statens lønnsregulativ:
Lønnsplassering vil vere avhengig av utdanning og erfaring.
I Norec trur vi mangfald er ein styrke som gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. Difor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.
Har du nedsatt funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla dersom du kryssar av for dette når du søker på stillinga. Dette gjeld dersom du er kvalifisert for stillinga. Vi inviterer alltid minst éin kvalifisert søkar frå kvar av desse gruppene til intervju. Du kan lese meir om positiv særbehandling her (https://arbeidsgiver.dfo.no/strategisk-hr/inkluderingsarbeid/bli-bedre-pa-rekruttering/hvordan-skrive-stillingsannonser-som-inkluderer/positiv-saerbehandling-nar-man-soker-jobb-i-staten ).
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir berre brukt til å velje ut rette kandidatar ut frå desse kriteria, i tillegg til anonymisert statistikk.
Når søknadsfristen er gått ut lagar vi offentleg søkarliste. Dersom du ønsker å reservere deg mot å bli bli oppført på denne, må du krysse av for og grunngi dette i søknaden din. Vi tek kontakt med dersom i ikkje kan imøtekommet ønsket ditt.