Miljøveileder Bilde

Miljøveileder

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stryn kommune Stryn Deltid

Stryn kommune har tidlegare etablert eit miljøveilederteam med 2 miljøveiledarstillingar som jobbar på tvers i Stryn kommune. Dette teamet blir no utvida og vi søker etter ny miljøveileder i 89% stilling. Er du den nye kvardagshelten vi treng til teamet?

Teamet er organisert under oppvekstetaten og rapporterer i dag til kommunalsjef oppvekst. Miljøveilederen skal vere ressurs for alle elevane / skulane i kommunen, men vil i hovudsak plasserast ved dei 3 største skulane i kommune.
Teamet skal samarbeide tett med pedagogar, assistentar og leiing ved skulane våre.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til eit trygt og godt skulemiljø for alle elevane i Stryn kommune

  • Bidra til meistringsopplevingar og positiv utvikling for barn og unge i Stryn kommune

  • Tidleg innsats – vere eit første linje tiltak

  • Følgje opp enkeltelevar i skule og SFO

  • Organisere og koordinere elevaktivitetar samt delta i fysisk aktivitet

  • Jobbe på systemnivå med fokus på førebygging

  • Samarbeide tett med og rettleie andre tilsette/leiinga og foreldre

  • Samarbeid med andre instansar

Kvalifikasjonar

  • Høgskuleutdanning som t.d. barnevernspedagog, vernepleier, sosionom eller anna relevant høgare utdanning på bachelor-nivå.

  • Ønskjeleg med erfaring frå skule/SFO eller anna arbeid med barn og unge

  • Fordel med erfaring frå arbeid med born og unge. ( innanfor spesialundervisning eller barn med spesielle behov )

Personlege eigenskapar

  • Evne til å bygge gode relasjonar med elevar, tilsette og foreldre

  • Vere ein tydeleg, forutsigbar og trygg vaksen

  • Evne til å ta ansvar, jobbe sjølvstendig og i team

  • Evne til å kunne sjå hemmande (risikofaktorar) og fremmande faktorar i klassemiljø/elevmiljø og jobbe aktivt for ei positiv utvikling

  • Må kunne vere mobil og ha høg grad av fleksibilitet

  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

  • Må ha sertifikat og disponere eigen bil

Vi tilbyr

Løn etter tariff

Gode pensjonsvilkår

Krevande arbeid i positivt miljø

Tilsetting etter lover og avtaler

Den som tilsettast må levere politiattest av ny dato og ein må pårekne å oppgje referansar

Stryn kommune Kulturbilde