Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Miljøarbeidar i EM-tiltaket | Ullensvang kommune | Ullensvang | Fulltid |
EM-tiltaket er eit døgnbemanna butilbod for einslege mindreårige flyktningar (15–18 år) i Ullensvang kommune. Vi har to bufellesskap: Kinsarvik Brygge midt i sentrum og Dalesvingen i naturskjøne omgjevnader. Her legg vi til rette for tryggleik, omsorg og utvikling for ungdom som har kome åleine til Noreg.
Vi søkjer no ein miljøarbeidar i 100 % fast stilling. Du blir del av eit engasjert team som arbeider i døgnturnus/ langvakter – 2 eller 3 døgn på arbeid etterfølgt av vekefri. Arbeid kvar 4. helg. Du vil ha vakter ved begge bustadene i tiltaket.
Ullensvang kommune er omfatta av den nasjonale ordninga for sletting av utdanningsgjeld.
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSB sitt sentralitetsnivå 5 og 6 kan frå januar 2026 få sletta inntil 25 000 kroner av utdanningsgjelda per år. For å få sletting må du vere busett i ein av desse kommunane og vere yrkesaktiv i minst eitt år. Slettinga gjeld kvart år fram til heile gjelda er nedbetalt, og omfattar alle typar utdanningsgjeld – uavhengig av når ho er teken opp.
Personar som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit etter denne datoen, blir kvalifiserte til å få sletting etter eitt års butid.
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at namnet ditt vert synleg på kommunen si postliste når du søkjer stillinga.
For å gjere unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdere dette konkret i kvar enkelt sak.
I følgje Offentleglova § 25 kan det gjerast unntak frå innsyn dersom søkjaren sjølv ber om det. Ved vurderinga skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
I utlysinga skal det gjerast merksam på at opplysningar om søkjaren likevel kan bli offentlege sjølv om vedkomande har bedt om unntak. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren få varsel om dette.
Dei som blir tilsette i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Avtalen blir sendt på SMS og e-post med lenkje til signering.
Dersom du har fått munnleg melding om tilsetjing, vil du òg få arbeidsavtale tilsendt. Dersom e-posten ikkje kjem fram i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller bruk denne lenkja: https://signering.posten.no/