Mediebruket søkjer to erfarne digitaldesignerar Bilde

Mediebruket søkjer to erfarne digitaldesignerar

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Mediebruket Sunnfjord Fulltid
Mediebruket Logo

Mediebruket

Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Noreg
6800 Førde
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Arild Finne Nybø
977 33 028

Søknadsfrist

17. november 2025 Søk på stillinga her

Engasjerer du deg for å skape gode brukaropplevingar? Har du god kunnskap om universell utforming, digital design og kunderådgjeving? Då vil vi gjerne bli kjende med deg.

Mediebruket har frå 2026 ledig to vikariat med store sjansar for fast tilsetjing for erfarne digitaldesignerar, som kan hjelpe kundane våre med nettsider og andre digitale løysingar.

Din arbeidskvardag

I vårt tverrfaglege team vil du jobbe med eit breitt spekter av digitale tenester, og arbeidsdagen din vil vere variert. Du gjev råd til kundane våre og bidreg til å skape gode løysingar, mellom anna med WordPress som verktøy.

Dette er du god på

Du har solid erfaring frå webdesign, nettsideprosjekt og ei grunnleggande teknisk forståing. Du ønskjer å skape løysingar av høg kvalitet som gir gode brukaropplevingar og betre synlegheit. Det er positivt om du har erfaring med UX-design. Du må kunne kommunisere godt både på norsk og engelsk.

Vi tilbyr

Hos oss får du konkurransedyktige lønnsvilkår, fleksibel arbeidstid og attraktive frynsegoder. Desse stillingane er lagt til hovudkontoret vårt i Førde i Sunnfjord. Heimekontor ved behov.

Slik søkjer du

Fortel oss om eigenskapane dine og kvifor du vil vere med på laget vårt. Send søknaden din så snart som mogleg og seinast 17. november 2025. Vi behandlar søknadar fortløpande og tek kontakt for meir informasjon ved behov.

Vi gler oss til å høyre frå deg!

Mediebruket Kulturbilde