Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Helse Førde | Sunnfjord | Fulltid |
Er du klar for nye utfordringar i ein spennande HR-kvardag?
Vi i Helse Førde ser etter ein engasjert og lærevillig kollega til eit vikariat som konsulent i HR - Løn og personell i perioden 01.09.2025 - 31.08.2026.
Her får du moglegheit til å jobbe i eit fagmiljø som er både utviklande og meiningsfullt – midt i hjartet av helsevesenet!
🧩 Om stillinga
Løn og personell er ein av fire seksjonar i HR-avdelinga i Helse Førde, og består i dag av 11 tilsette. Vi har eit nært samarbeid med dei andre seksjonane på HR og med dei andre foretaka i Helse Vest.
Vår hovudoppgåve? Å sørge for at alle tilsette i Helse Førde får rett lønn - til rett tid. I tillegg har vi systemansvaret og brukarstøtte for m.a EveryOne (kontraktshandtering) og Webcruiter (rekruttering). Dette arbeidet skjer i nært samarbeid med leiarar og stabsfunksjonar ved ulike avdelingar og klinikkar. Vi held også opplæring i ulike HR-system, og har brukarstøtte i løns- og personalspørsmål.
💡 Er du nyutdanna innan økonomi eller personal?
Vi ønskjer deg velkomen til å søkje - og du vil få grundig opplæring og god støtte frå første dag.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
Personlege eigenskapar
Vi tilbyr
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.