Hyllestad kommune Hovedbilde

Leiar NAV Hyllestad, ny utlysing

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Hyllestad kommune Hyllestad Fulltid

Hyllestad kommune har ledig 100 % fast stilling som leiar for NAV Hyllestad frå snarast.

Då tidlegare leiar har valt å sei opp og flytte tilbake til sine heimlege trakter, søkjer vi etter ein ny leiar for kontoret. vi søkjer deg som er glad i folk, samfunnsengasjert og relasjonsbyggar. Å arbeide i NAV vil gje deg varierte og meiningsfulle oppgåver kvar dag.

NAV Hyllestad er eit partnarskap mellom NAV Vestland og Hyllestad kommune. NAV Vestland er inndelt i ni regionar etter bu- og arbeidsområde. NAV Hyllestad er ein del av region Sunnfjord, saman med kommunane Sunnfjord, Kinn, Høyanger, Askvoll og Fjaler. NAV-leiar rapporterer til kommunedirektøren i Hyllestad og regionleiar i NAV Sunnfjord, stillinga inngår i kommunedirektøren si leiargruppe. Begge instansane vil vere involvert i arbeidet med å utvikle at NAV Hyllestad skal levere heilskaplege og likeverdige tenester for innbyggjarane og verksemdene i kommunen, og samarbeid med andre kommunar og instansar i regionen.

Som NAV-leiar vert du kommunalt tilsett og du vil få kontorstad i kommunehuset på Hyllestad. I tillegg til leiar har vi per i dag 2 stillingar som rettleiarar/sakshandsamar i kontoret som du får leiaransvar for. Hovudsakleg vil det ligge kommunale oppgåver til kontoret, per no er dei fleste statlege oppgåvene fordelt til andre kontor i regionen. Ansvarsområdet kan bli endra som følgje av eventuelle endringar i oppgåveløysing i kommunen og/eller regionen i komande år.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og vidareutvikle NAV-kontoret i tråd med vedtekne målsettingar for NAV og kommunen elles
  • Ivareta NAV sitt samfunnsoppdrag
  • Vere ein synleg samfunnsaktør på arbeids- og velferdsområdet
  • Utvikle velferdstenestene i NAV Hyllestad, og regionen elles, med særleg fokus på likeverdige tenester og brukarane sine behov
  • Drive forbetring, endring og omstillingsarbeid
  • Fagleg og administrativt ansvar for NAV Hyllestad, inkludert økonomi-, budsjett- og personalansvar

Kvalifikasjonar

  • Det er ønskjeleg med relevant høgskuleutdanning, minimum på bachelornivå. Anna relevant utdanning og/eller relevant leiarerfaring kan i særtilfeller kompensere for utdanningskravet
  • Ønskjeleg med leiarerfaring med personalansvar, helst frå NAV eller offentleg verksemd
  • God kunnskap om offentleg forvaltning og lovverk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • God økonomiforståing
  • God skriftleg og munleg framstillingsevne
  • Førarkort for personbil

Personlege eigenskapar

  • Du er ein god relasjonsbyggar som likar å arbeide med folk i ulike livssituasjonar
  • Du er engasjert i utvikling av tenester til innbyggjarane og arbeidslivet
  • Du har ei forståing for leiarrolla på ein måte som skaper tillit, engasjement og motivasjon
  • Du kan arbeide sjølvstendig, men samstundes ha gode samarbeidsevner og kan jobbe i team
  • Du er fleksibel og open for endringar og nye initiativ som kan skape betre løysingar for brukarane

Verdiar som tillit, respekt, openheit og inkludering er viktige i utviklinga av Hyllestadsamfunnet - og som vi òg ser etter hjå deg som søkjar. Verdiar og personlege eigenskapar vil vere viktig i stillinga.

Vi kan tilby

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
  • Eit tverrfagleg arbeidsfellesskap
  • Løn etter avtale
  • God pensjonsordning i KLP, 2 % av løna vert trekt i pensjon
  • Hjelp til å finne bustad, eventuelt hjelp til å finne arbeid til partnar og kanskje barnehageplass (?)
  • Bustadtilskot til førsegangsetablerarar i kommunen, etter eigne reglar
  • Gratis tilgang til treningsrom i idrettshallen

Vi Ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å legge til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Velkomen som søkjar!

Hyllestad kommune Kulturbilde