Type stilling | Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|---|
Leiar kundesenter - vikariat | SpareBank 1 Sogn og Fjordane | Sunnfjord | Fulltid |
Vi skal gi kunden den beste rådgjevinga - i kombinasjon med god lokalkunnskap er dette Sparebanken Sogn og Fjordane si største styrke.
I den årlege bransjeundersøkinga til EPSI Rating Norge plasserer vi oss heilt i toppen på fleire av punkta i undersøkinga. Vi er best på omdømme, og vi er på pallen når det kjem til kor fornøgd kundane er med kundesenteret vårt. Vi jobbar kvar einaste dag med å tilby den aller beste kundeopplevinga - no har du ein unik moglegheit til å vere med på reisa.
Vi har ledig vikariat i eitt år som leiar for kundesenteret, då noverande leiar skal i svangerskapspermisjon.
Leiar kundesenter vil ha ansvar for resultat og fag, samt personalansvar. Som leiar vil du få moglegheita til å utvikle engasjerte medarbeidarar, samt medverke til å utvikle kundesenteret vidare.
Leiar kundesenter rapporterer til direktør privatmarknad og kontorstad er Førde.
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.