
| Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
|---|---|---|---|
| Aurland kommune | Aurland | Fulltid |

Vi har ledig inntil to stillingar som lærar ved Flåm skule frå 01.08.2023. Den eine av stillingane er 100% fast. Det er ynskeleg med fagleg fordjuping i engelsk, kroppsøving og spesialpedagogikk, men alle vanlege fag på barnesteget er relevante for stillingane. Flåm skule er ein liten fådelt barneskule som ligg i den verdskjende turistbygda Flåm i Aurland kommune. Flåmsbana og Rallarvegen er skulen sine naboar, og det er kort veg ned til cruisehamna og eit yrande folkeliv. Er du av det modige slaget kan du hiva deg ut i ein luftig tur med Flåm zipline, eller ta deg ein kjapp ribbåttur på fjorden i fritida. Likar du jakt, fiske og friluftsliv er naturopplevingane i kommunen nærast uendelege. Skulen er ein viktig aktør i bygda Flåm på mange vis, og har blitt omtalt både som "ei perle i Flåm og "ein skule i særklasse". Skuleåret 2022/2023 har skulen 26 elevar. Aktivt uteliv og bruk av ulike læringsarenaer i nærmiljøet er eit av kjenneteikna ved skulen. Skulen sin visjon, skulen sin sosiale kompetanseplan og entreprenørskapsaktivitetar av ymse slag støttar opp under arbeidet med eit godt og inkluderande læringsmiljø. Skulen vår er òg kunst- og teaterskule. Vi har kunstutstilling annakvart år der både elevar, foreldre, tilsette og inviterte kunstnarar deltek. Våren 2023 er det tid for kunstutstilling. Kvart andre år er heile skulen med på teateroppsetjing - neste gong vert våren 2024.
-undervisning på alle steg
-planlegge og gjennomføre undervisning i tett samarbeid med andre tilsette
-observere og motivere under aktivitetar
-ha særleg blikk for barn med spesielle behov
-ha tett samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar skulen har
-aktivt delta i å skapa eit trygt og godt læringsmiljø
-ta aktivt del i all aktivitet rundt elevane både inne og ute
-aktiv deltaking i endrings- og utviklingsarbeid i eit lærande felleskap
-bruke digitale verktøy av ulikt slag
-stillingane kan innebere kontaktlærarfunksjon
Adjunkt eller høgare basert på grunnskulelærarutdanninga.
Vere glad i barn, leik og aktivitet
Vere ein tydeleg vaksen og ein god rollemodell
Vere løysingsfokusert, sjølvstendig og ansvarsbevisst
Vere ein god klasseleiar og ein inspirerande lærar
Vere ein god relasjonsbyggar
Vere fleksibel og open for endringar
Kunne ta initiativ i det daglege arbeidet
Kunne bidra til godt samarbeid og sosialt arbeidsmiljø
-eit godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
-mykje humor og arbeidsglede
-varierte arbeidsoppgåver og spanande utfordringar
-mogelegheit for aktivt tur- og uteliv
-spanande ekskursjonar til dei utrulegaste stader
-godt samarbeid med heimane
-gratis inngang til symjebasseng etter kl. 20.00, og til treningsrommet i Aurlandshallen
-hjelp til å skaffe bustad. (Vi har per. i dag ledig nye, fine, kommunale husvære)
-hjelp til å skaffe barnehageplass
-hjelp til å skaffe arbeid til partnar
Sjekk ut skulen si heimeside: www.flaam.skule.no
Informasjonsbrosjyra vår finn du ved å lime inn denne web-lenka i søkjefeltet:
https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/WebView
