Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Nordic Mining | Sunnfjord | Fulltid |
Engebø Rutile and Garnet AS, eit dotterselskap av Nordic Mining, er i vekst og startar mineralproduksjon av titanråstoffet rutil i Q4 2024. I den forbindelse treng vi fleire på teamet. Dette er ei stilling som gir deg moglegheit for karriereutvikling, samt kort veg til alt Sunnfjord har å by på.
Prosessen består i å utvinne eklogitt malm frå førekomsten og prosessere denne til mineralkonsentrat av rutil og granat. Hovuddelane av prosjektet består av dagbrots-gruve, prosessanlegg og utskipings-anlegg.
For å styrke teamet søker vi derfor etter ein engasjert og erfaren laboratorieansvarleg til vårt team. I denne rolla vil du ha ansvaret for å sikre at våre laboratorieoperasjonar utførast effektivt, sikkert, og i tråd med gjeldande standard. Du vil vere ein nøkkelperson i å leie teamet og sørge for at forsking- og analyseprosjekt held høg kvalitet.
Dine arbeids -og ansvarsområde vil i hovudsak vere:
Ein god laboratorieansvarleg sikrer at laboratoriet er effektivt og trygt.
Du treng sjølvsagt ikkje checke alle boksane, men det er ønskeleg at du har følgande kvalifikasjonar:
For at du skal lukkast i denne stillinga så er du lærevillig og nysgjerrig. Du evnar å leie, og jobbar godt i team. Du ser ikkje problem, men utfordringar som kan løysast. Om du i tillegg er strukturert og god på å planlegge, ja då er det nettopp deg vi leitar etter.
Kontorstad er på Engebø i heilt nye lokaler og arbeidstid for stillinga er dagtid.
Vi er oppteken av å bygge eit trygt og solid arbeidsmiljø beståande av mangfald og god kultur. Vi skal ha fokus på balansen mellom jobb og fritid. Vi tilbyr ein unik moglegheit med rom for personleg og fagleg kompetanseutvikling.
Du vil ta del i eit rykande ferskt team, beståande av 80 tilsette frå fire forskjellige kontinent med eit spekter av bakgrunn og erfaring. Det er ei jamn fordeling mellom kvinner og menn i organisasjonen, noko vi tør påstå er unikt i vår bransje. Ettersom dette er den første gruva i Norge på over 40 år, står vi alle på same "fjell", der dei færraste har direkte erfaring frå gruvedrift. Fellesnemnaren er at vi alle er motiverte til å skape unike verdiar!
Vi er ei hjørnesteinsbedrift i Sunnfjord. Når det kjem til berekraft er vi allereie veldig gode, men vi gir oss ikkje før vi er aller best. Vi skal og vere heilt i toppsjiktet innan moderne systemløysingar for å skape ein oversiktleg og effektiv kvardag.
Noko for deg? Ja då er det bare å sende inn ein enkel søkand! Vi ser fram til å høyre frå deg!