Arbeidsgivar | Område | Tilsettingsform | Del |
---|---|---|---|
Sunnfjord Miljøverk | Sunnfjord | Fulltid |
Har du lyst til å vere ein del av det grøne skiftet?
Vi treng ein kommunikasjonsrådgjevar som kan engasjere og motivere våre kundar og abonnentar å få lyst til det same. Skal ein få til eit grønt skifte og gå over til sirkulær økonomi, må vi få med oss alle. Her treng vi hjelp frå deg!
Du vil arbeide i dagleg drift og prosjektbasert, med både intern og ekstern kommunikasjon. Som kommunikasjonsrådgjevar vil du vere ansvarleg for kommunikasjon og informasjon til abonnentane og kundane våre. Dette er ein av dei viktigaste faktorane for å lukkast med det grøne skiftet. God praktisk informasjon, haldningsskapande arbeid i fleire målgrupper, rettleiing om kjeldesortering og kunnskapsformidling vil være ein sentral del i dette arbeidet. Ein må tilpasse både informasjonskanal og innhald for å treffe menneske i alle aldrar og med ulike utgangspunkt. Her er det stort rom for å vere kreativ og nytenkande.
Vi har tilsette på fleire lokasjonar, og du vil vere ein nøkkelperson for å sikre god informasjonsflyt og kommunikasjon internt i organisasjonen. Ein må også rekne med at ein må vere med å handtere henvendingar frå presse.
Dette er ei nyoppretta stilling og vi vil kunne tilpasse arbeidsoppgåvene etter erfaring, ønskjer og kompetanse.
Vi søkjer ein kommunikasjonsrådgjevar som er inspirerande, allsidig og motivert, og som har interesse for bransjen og omstillinga til sirkulær økonomi.