Kommunalsjef samfunnsutvikling Bilde

Kommunalsjef samfunnsutvikling

Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Stryn kommune Stryn Fulltid
Stryn kommune Logo

Stryn kommune

Stryn, Norge
6783 Stryn
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Kommunedirektør Jon B. Nesje
95034140

Søknadsfrist

7. september 2025 Søk på stillinga her

Stryn kommune søkjer ein engasjert og målretta leiar som vil vere med å forme framtida i kommunen. Som kommunalsjef for samfunnsutvikling får du ansvar for seks viktige avdelingar: kommunalteknikk, beredskap og forebygging, berekraft og næring, kart og oppmåling, plan og kultur.

Du blir ein sentral del av kommunedirektøren si leiargruppe og får ei nøkkelrolle i å utvikle kommunen sine tenester, styrke arbeidsgjevarpolitikken og bidra til ei berekraftig samfunnsutvikling i samarbeid med tilsette, innbyggjarar, næringsliv og frivillige.

Arbeidsoppgåver

  • Leie og koordinere utviklingsarbeid i etat for samfunnsutvikling

  • Sikre god økonomistyring og ha budsjettansvar for tenesteområda

  • Bidra aktivt i kommunedirektøren si leiargruppe og påverke strategiske avgjerder

  • Byggje gode relasjonar og samarbeid med ulike samfunnsaktørar

Kvalifikasjonar

  • Høgare relevant utdanning, helst på masternivå eller med lengre praktisk erfaring

  • Solid leiarerfaring med å leie enkeltpersonar og grupper, tverrfaglege prosessar og utviklingsarbeid

  • God innsikt i offentleg planarbeid og styringsprosessar

  • Sterk økonomiforståing og erfaring med budsjett og økonomiplanlegging

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjonsevner – både skriftleg og munnleg. Administrasjonsspråket er nynorsk

  • Evne til å forstå og handtere samspel mellom politikk og administrasjon

  • Motiverande og inkluderande leiar

  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Ei sentral leiarstilling i ein kommune i vekst

  • Meiningsfulle oppgåver og godt arbeidsmiljø

  • Gode pensjonsordningar og løn etter avtale
Stryn kommune Kulturbilde