Vil du vera med og vidareutvikla økonomi-funksjonen i Ullensvang kommune?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kommunalsjef økonomi Ullensvang kommune Ullensvang Fulltid
Ullensvang kommune Logo

Ullensvang kommune

Opheimsgt. 31, 5750 Odda
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Ole-Jørgen Jondahl
+47 97558471

Søknadsfrist

13. september 2023 Søk på stillinga her

Ledig 100% stilling som kommunalsjef økonomi frå 01.12.2023

Ullensvang kommune har ledig ei interessant og utfordrande nøkkelstilling som kommunalsjef økonomi. Ullensvang kommune forvalter eit driftsbudsjett på 1,6 mrd.

Kommunalsjef økonomi er del av rådmannen si leiargruppa, med rådmann som næraste leiar. Kommunalsjef har vidare leiaransvar for økonomiavdelinga som utgjer 11.5 årsverk.

Kommunalsjef skal legge tilrette for god økonomistyring og økonomiforvaltning i Ullensvang kommune.

Vi søker ein strukturert person som legg vekt på samarbeid og relasjonsbygging med sine medarbeidarar, har god evne til å ta initiativ og til å gjennomføre omstillings- og utviklingsarbeid i innan sitt ansvarsområde.

Hovudarbeidsoppgåver for stillinga:

● Strategisk planlegging og rettleiing for kommunen si administrative og politiske leiing innan økonomifeltet.

● Budsjett og økonomiplan

● Finansforvaltning og handsaming av kraft og eigedomskatt

● Rekneskap

● Innkjøp

● Operativt ansvar for å koordinere økonomistyringa, analyse og bistå dei ulike tenestene i Ullensvang kommune

● Personal-, økonomi og resultatansvar for eige område

● Prosjektoppfylging av investeringsprosjekt

● Drift, samordning og utvikling av økonomisystemet Visma

Ønska kvalifikasjonar:

● Høgare relevant høgskuleutdanning innan økonomifaget

● Erfaring frå arbeid med rekneskap/økonomi

● Erfaring frå kommunal sektor

● Gode datakunnskaper er naudsynt

● God forståing samspel politikk-administrasjon

● God munnleg framstilling, og god nynorsk skriftleg.

Eigenskapar:

● Fleksibel, strukturert og analytisk

● Godt humør og er samlande

● Gode samarbeidsevner og evne til å arbeida sjølvstendig

● Det leggast stor vekt på personlege eigenskapar.

Vi kan tilby:

● Ein strategisk leiarstilling i ein ny kommune med høgt aktivitetsnivå i næringsliv og offentleg forvaltning.

● Ein utfordrande stilling med gode moglegheiter for fagleg utvikling

● Ein viktig og spennande stilling i kommunen!

● Kommunale tilsettingsvilkår . Gode pensjons- og forsikringsordningar

● Lønn etter avtale

Vi oppmoder kvinner til å søkje stillinga.

Aktuelle kandidatar vil verta kalla inn til intervju i september.