Vil du sikre god beredskap, arealplanlegging og rettstryggleik for innbyggjarane i Vestland?

Type stilling Arbeidsgivar Område Tilsettingsform Del
Kommunaldirektør Statsforvaltaren i Vestland Sogndal Fulltid
Statsforvaltaren i Vestland Logo

Statsforvaltaren i Vestland

Njøsavegen 2
6863 Leikanger
Sjå bedriftsprofil Sjå fleire ledige stillingar frå denne bedrifta

Kontakt

Assisterande statsforvaltar Gunnar Hæreid
57643002/91180626

Søknadsfrist

5. mai 2024 Søk på stillinga her

Vil du vere med og sikre god beredskap, arealplanlegging og rettstryggleik for innbyggjarane i Vestland? Då har vi ledig ei spennande leiarstilling for deg som kommunaldirektør!

Som direktør for kommunalavdelinga vil du ha ansvar for eit stort spenn av saker og fagfelt. Statsforvaltaren skal støtte opp om rettstryggleiken for einskildpersonar og samordne statlege oppgåver for kommunane.

Avdelinga følgjer opp og rettleiar kommunane om kommuneøkonomi. Vi har tett kontakt med kommunane om arbeidet deira med ulike arealplanar som styrer samfunnsutviklinga. Mykje av arbeidet skjer etter plan- og bygningslova, forvaltningslova og kommunelova. I tillegg vil direktøren ha ansvar for rettsfelt med store sakstal innan mellom anna ekteskapslova og fri rettshjelp. Oppfølginga av beredskapen i kommunane har også høg prioritet.

Avdelinga løyser oppgåvene gjennom seksjonar med eigne leiarar. Seksjonane har høgt kvalifiserte og motiverte medarbeidarar, fordelte på kontora våre i Leikanger og Bergen. Avdelinga har i dag i overkant av 50 tilsette, fordelte på fire seksjonar.

Direktøren blir ein del av embetets leiargruppe.

Kontorstad er Leikanger. Statsforvaltaren har også kontor i Bergen og Førde, og direktøren må rekne med ein del reiser.

Arbeidsoppgåver

  • Leiaransvaret for fire seksjonsleiarar
  • Støtte opp under seksjonsleiarane sitt ansvar for personal- og fagutvikling
  • Sikre at oppgåvene frå ulike departement blir utførte
  • Budsjettere og følgje opp økonomien i avdelinga
  • Legge til rette for utviklingsarbeid som sikrar effektive og gode tenester
  • Ta ansvar for heilskapen i embetet og medverke til utviklingsarbeid i leiargruppa til Statsforvaltaren
  • Samordne oppgåveløysinga mellom stat og kommune

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Relevant masterutdanning frå høgskule eller universitet, til dømes innan rettsvitskap eller arealplanlegging
  • Leiarerfaring – gjerne frå statleg eller kommununal sektor
  • Variert arbeidserfaring
  • Høg fagleg og personleg integritet
  • God kunnskap om statleg og kommunal forvaltning, og samspelet mellom desse
  • Innsikt i økonomi- og budsjettarbeid
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge skriftspråk

Personlege eigenskapar

  • Tydeleg og tilgjengeleg, med evne til å skape tillit både internt og overfor samarbeidspartnarar
  • Gode evner til kommunikasjon, samarbeid og strategisk tenking
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne som leiar
  • Evne til effektiv drift og prioritering av arbeidsoppgåver
  • Evne til å motivere og involvere medarbeidarar for å utvikle arbeidsoppgåvene

Som tilsett hos Statsforvaltaren får du

  • interessante arbeidsoppgåver
  • ein arbeidsplass i utvikling
  • medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landets beste pensjonsordningar med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
  • lønn i samsvar med vår lokale lønnspolitikk

Vilkår:

Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar difor alle kandidatar som er kvalifiserte til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Embetet vil leggje til rette for arbeidstakarar med nedsett funksjonsevne.

Dei første seks månadane er prøvetid.

Tenestemålet er nynorsk.

Vitnemål og attestar må leggjast ved søknaden.

Søkarlista er i utgangspunktet offentleg. Du kan be om unntak dersom vilkåra i lova er til stades.

Nærare opplysningar om stillinga får du av:

  • Statsforvaltar Liv Signe Navarsete , e-post liv.signe.navarsete@statsforvalteren.no, tlf. 57643001/91179143
  • Assisterande statsforvaltar Gunnar Hæreid, e-post gunnar.haereid@statsforvalteren.no, tlf. 57643002/91180626